Den største opplevinga på turen til Aten var å slå Sverige.
Det sa Daniel Nilsen på fotball-laget Nest-Sotra United då han i går skulle oppsummera laget si deltaking på Special Olympics i Aten i sommar. Under opphaldet på Rhodos og Aten i slutten av juni og starten av juli vart det mellom anna tid til privatlandskamp mot "søta bror".
Glade deltakarar på samlinga i kultursalen i går kveld
Glade deltakarar på samlinga i kultursalen i går kveld
I kultursalen i Fjell rådhus i går kveld var det tid for mimring og takk. I tillegg til fleire takketalar, fekk forsamlinga i ein sekvens på ein knapp halvtime med bilete og musikk gjenoppleva det som skjedde på seiersturen til Hellas.
Spelarar, supportarar, foreldre, lagleiarar, representantar frå Nest-Sotra, ordførar Eli Årdal Berland og andre støttespelarar var på plass for å hylla heltane frå Noreg som tok OL-bronse. Leiar for Spesial Olympics Noreg, Geir Smeby, er imponert over det unike engasjementet som er vist og skriv i eit eige OL-magasin for Nest-Sotra United at det gode arbeidet faktisk har sett laget og idrett for menneske med utviklingshemming på agendaen på ein mønsterverdig måte.
Ordførar Eli Årdal Berland
Fjell-ordførar Eli Årdal Berland
- Eg håpar de held fram med treninga. Då kan det verta mange medaljar i framtida også. De hadde ein fantastisk heiagjeng, og ingen andre nasjonar hadde eit team som Nest-Sotra United, sa ordførar Eli Årdal Berland til den store forsamlinga i kultursalen.
- Vi er stolte av dykk!
Lagleiar Tove Iren Vindenes retta ei stor takk alle sponsorane og til alle som har hjelpt til å få realisert turen til Hellas. Det vart samla inn over 700 tusen kroner frå næringslivet og andre aktørar. Kommunane Fjell, Sund og Øygarden løyvde til saman 150 tusen kroner til prosjektet.
Frå venstre: Anita Heggholmen, Camilla Jacobsen og Tove Iren Vindenes
Frå venstre: Anita Heggholmen, Camilla Jacobsen og Tove Iren Vindenes
Nestleiar i styret for Nest-Sotra, Anita Heggholmen, gratulerte med bronsemedaljen.
- Vi er utruleg stolte av dykk, tenk tredje best i verda i sjuarfotball! Vi slår oss stolt på brystet. Laget har vore svært gode ambassadørar for klubben vår og Noreg, sa Heggholmen. Ho retta ei særleg takk til Tove Iren Vindenes og hennar medhjelparar på turen. Foreldrerepresentant Magnhild Indrebø takka for den flotte jobben til trenarane.
Rune Kolaas skreiv mange autografar etter samlinga i går.
Rune Kolaas skreiv mange autografar etter samlinga i går.
Tekst og foto: Vigleik Brekke