Google
Skriv ut print

- Ikkje kvar dag, men................

Nils Svein Nilsen frå Kolltveit skryt ikkje på seg at han trimmar kvar dag. Han svarte godt for seg då ergo-/fysioterapitenesta i Fjell markerte "Verdens aktivitetsdag" på Sartor Storsenter i dag.

Ingrid Sangolt forklarar Nils Svein Nilsen korleis gåstavar skal brukastIngrid Sangolt forklarar Nils Svein Nilsen korleis gåstavar skal brukast
Ingrid Sangolt forklarar Nils Svein Nilsen korleis gåstavar skal brukast

- Eg trimmar ikkje kvar dag, men det vert fysisk aktivitet minst ein gong i veka. Den vesle kula på magen reknar eg som alderstillegg, seier Nilsen.

Ergo-/fysioterapitenesta hadde tidlegare på dagen møtt dei tilsette i Fjell rådhus på veg opp i etasjane og minna dei om at bruk av trappa er eit godt alternativ til å ta heisen. Og tysdag føremiddag vart brukarane på Fjell sjukeheimen tekne med på tur.

Folk vil gjerne aktivisera seg

"Verdens aktivitetsdag" vert i år markert for femte gong. Verdens helseorganisasjon (WHO) står bak tiltaket, og tema i år er "Aktiv på din måte". Folk var villige til å prata om aktivitet og trim då dei vart utfordra til dette på Sartor Senter i dag.

- Dei fortel gjerne at dei gjer noko sjølv med å aktivisera seg, seier ergoterapeut Else-Karin Vardøy.
Nils Svein Nilsen, Ingrid Sangolt og Else-Karin VardøyNils Svein Nilsen, Ingrid Sangolt og Else-Karin Vardøy
Nils Svein Nilsen, Ingrid Sangolt og Else-Karin Vardøy

- Nokre ungdomar fortalte at dei hadde lite tid til trim. Hugs at det ikkje er nødvendig å gå på treningssenter for å trimma. Det kostar ikkje mykje å få ein helsegevinst, seier turnusfysioterapeut Ingrid Sangolt.

Mange gode forslag

Fysisk aktivitet gjev auka energi, reduserer vekta og gjev mindre stress. På jobb kan du bruka trappa i staden for å ta heisen. Du kan gå eller å sykla til jobb og ta ein tur i lunsjpausen. Her er utdrag frå tipslista:

- Gå tur i skog og mark

- Gå til butikken

- Kveldstur

- Tur med hunden

- Gå med barna til barnehagen eller skulen

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
10.05.2011
Sist oppdatert:
10.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom