Google
Skriv ut print

- Kjekt å få skryt!

- Det var kjekt å få skryt som gruppe.

Det var ein av deltakarane sin sluttkommentar på seminaret "Betydningsfulle vaksne i Fjell". Rundt 110 leiarar og fagansvarlege i barnehage, barneskule og ungdomsskule var samla i kultursalen tysdag ettermiddag.

Siv Anne Waage og Irene Solem HansenSiv Anne Waage og Irene Solem Hansen
Siv Anne Waage og Irene Solem Hansen

Den eksterne førelesaren var Thomas Nordahl. Nordahl er professor på Høgskolen i Hedmark og er ein av dei fremste skuleforskarane i landet. Hans tema var "Den voksnes betydning for læring og utvikling". Tilbakemeldingane på føredraget var overveldande positive. Det einaste negative som kom fram, var at fleire frå skulane og barnehagane burde har vore til stades.

God start på ungdomsskulen

- Eg fekk ein uventa telefon etter at barnet mitt hadde sine to første dagar på ungdomsskulen. Kva er det no? Mange tankar for gjennom hovudet. Læraren ville berre vita korleis eleven hadde hatt det etter dei første dagane på skulen! Eg skal takla mange tabbar frå denne læraren etter ein slik start på året, og eg er stolt av å seia at dette skjedde på ein ungdomsskule i Fjell.

Det sa Marianne Callan Gjerstad frå rettleiarteamet før ho overlot oppsummeringa av dagen til barnehagesjef Margun Landro og skulesjef Ellen Margrethe Hansen. Hansen sa at vi ikkje alltid skal starta opp nye prosjekt. No har det vore viktig for oss å vera uthaldande og halda fokus på dei programma vi har.

- Det handlar om å hjelpa kvarandre til å halda motivasjonen opp og framsnakka kvarandre, sa Margun Landro.

Ellen Margrethe Hansen og Margun LandroEllen Margrethe Hansen og Margun Landro
Ellen Margrethe Hansen og Margun Landro

PPT-leiar Jogeir Sognnæs seier at formålet med dette seminaret var å samla leiarane og dei fagansvarlege i barnehage og skule for å snakka om kor viktige dei vaksne er for læring og utvikling hjå barna og elevane. I Fjell har barnehagane tilbod om programmet "De utrolige årene". Barneskulane har klasseleiingsprosjektet "TSK", medan ungdomsskulen arbeider med programmet "Respekt".

- No handlar det om å halda "koken oppe", vedlikehalda og stimulera til å arbeida vidare med desse programma. Vi ønskjer også å arbeida meir med samanhengen mellom desse tre programma. Hovudmålet vårt er at vi skal ha tydelege og støttande vaksne som bryr seg om barna/ungdomane dei har ansvar for, seier Jogeir Sognnæs.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
31.08.2011
Sist oppdatert:
31.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom