I går (09.09) hadde prosjektgruppa for ny idrettshall på Straume sitt første møte, og på dette møtet kom "kjøreplanen" på plass.
Prosjektgruppa
Prosjektgruppa var samla til første møte 09.09. Frå venstre: Svein Fjelland (Fjell kommune), Siv Carlsen (Sotra Sportsklubb), Trond Birkelund (Fjell kommune), Lennart Fjell (Fjell kommune), Jens Kvalsund (Fjell idrettsråd), Dan Helge Christensen (Sotra Sportsklubb) og Gudrun Ølnes (Fjell kommune).
Skisseprosjekt
- Først skal vi definera kva type hall vi ønskjer å bygga. Dette vert grunnlaget for å laga eit skisseprosjekt med kostnadsoverslag. Dette vert så lagt til grunn for anbodskonkurranse og søknad om spelemidlar, seier leiar for prosjektgruppa, fagleiar Gudrun Ølnes.
Det var på kommunestyremøtet 26.08 at det vart vedteke å realisera ein fleirbrukshall der Fjell kommune vert byggherre og hovudansvarleg for finansieringa.
Første spadetak like etter sommaren
- Målet er at det føreligg eit skisseprosjekt ut på nyåret og at ein kan setja den første spaden i jorda før første september neste år. Dette vert truleg ein fleirbrukshall med tre handballbanar der ein kan veksla mellom ulike idrettsaktivitetar utan klargjering/omgjering med tap av brukstid.
Tekst og foto: Vigleik Brekke