I dag vart arbeidet med bygging av ny fleirbrukshall i Straume Idrettspark markert med første spadetak ved ordførar Eli Årdal Berland godt assistert av dagleg leiar i Sotra Sportsklubb Dan Christensen.
Med lagleg vér og fanfare ved Svein Lie som ramme, kunne ordføraren med fast hand styra gravemaskinen til Sartor Maskin og ta det første "gravetaket" som markering av oppstarten av hallprosjektet.
Ordførar Eli Årdal Berland og dagleg leiar i Sotra Sportsklubb Dan Christensen
Ordførar Eli Årdal Berland og dagleg leiar i Sotra Sportsklubb Dan Christensen
- Dette er ein dag eg har sett fram til, og dette er ein stor dag for Fjell. Denne hallen skal vera for heile kommunen, og eg skal følgja prosjektet og sikra at de følgjer framdrifta, sa ordførar Eli Årdal Berland til dei som var møtt fram i Straume Idrettspark i dag.
Klar til bruk sommaren 2013
Lønnheim Entreprenør as vann anbodet, og prosjektet vert gjennomført som totalentreprise og skal stå ferdig til sommaren 2013. Avdelingsleiar prosjektutvikling Kim Andre Moe sa at dette er eit svært spennande prosjekt som ligg i det øvre sjikt når det gjeld storleik og innhald.
- Eg vil nytta høvet til å gje skryt til Fjell kommune for svært godt arbeid og det grunnlaget som er laga. Det vart tidleg klart for oss at dette ville vi vera med på. Dei to tre første vekene vert det grunnarbeid før vi følgjer opp med fundamenteringsarbeid og reis av bygg, element og bærekonstruksjonar utover våren, sa Moe.
Kim Andre Moe i Lønnheim Entreprenør as
Kim Andre Moe i Lønnheim Entreprenør as
Dan Christensen i Sotra Sportsklubb understreka også at denne hallen skal vera for alle.
- Dette er ikkje ein hall berre for dei få, men for heile idretten i Fjell, sa Christensen.
Det første prinsippvedtaket om ny fleirbrukshall vart gjort av kommunestyret 26.august 2010. På kommunestyremøtet 16. juni 2011 vart skisseprosjektet til ny fleirbrukshall godkjent. Det vart vedteke å byggja tre speleflater med totalentreprise. Fjell kommune vert byggherre og eigar av tomt og hall.
Prosjektgruppa vert administrativt leia av kommunen ved Gudrun Ølnes. Både Sotra Sportsklubb og Fjell Idrettsråd er med i prosjektgruppa som fekk oppdrag om ein rask oppstart.

Prosjektet er teikna og prosjektert av Longva arkitekter as i samarbeid med prosjektgruppa og byggjer på rapporten ”Fjell Arena i Straume Idrettspark” frå 2009 leia av ei hallnemnd med representantar frå politisk miljø i kommunen, idrettsrørsla og næringslivet.
"Idrettens hus"
Fleirbrukshallen er på totalt ca. 9.200 kvadratmeter og har tre speleflater, der to speleflater utgjer arena hallen med totalt 2 650 tribuneplassar er fordelt mellom faste og uttrekkbare tribunar. Den tredje speleflata får egne tribuneplassar og ligg med direkte tilkomst frå stor vestibyle med kafeteria. Hallen vil også innehalda eit aktivitetsrom på om lag
70 kvadratmeter til bruk for til dømes dans og kampsport etc. I direkte tilknyting til arenahallen ligg garderobar, treningsrom og lager.
Hallen er tilrettelagt for større arrangement som messer og konsertar og har eigen port for innkøyring av tungt utstyr. Hallen skal fungera som "Idrettens hus" i Fjell, og det er tilrettelagt med kontor og møterom. Sotra sportsklubb får nye klubblokalar her. Det vert tilrettelagt for om lag 100 nye parkeringsplassar i tillegg til plass for spelarbussar.
Fleirbrukshallen er kostnadsrekna til 156 mill. kroner inklusiv mva. Sotra sportsklubb har gjeve gratis tomt til hallen i tillegg til 10 millionar i tilskot frå sal av klubblokale til Danielsen barne- og ungdomsskule Sotra. I tillegg vil hallen få om lag 17 mill. i spelemiddeltilskot.
Tekst og foto: Vigleik Brekke