Google
Skriv ut print

- No har eg fuska litt

Malin Landro (6. kl.) tok Ingrid Espelid på kornet då ho på eit stort fellesarrangement på Landro skule i går imiterte den kjente TV-kokken. Etter å ha demonstrert korleis bolledeigen skal setjast, kom ho straks fram med dei ferdigsteikte bollane. På imponerande måte etterlikna ho den karakteristiske programleiaren i NRK på 60- og 70-talet.

Malin LandroMalin Landro
Malin Landro

I ein av dei andre sekvensane med vérvarsel havna eit regnsymbol frå vértavla på golvet. Til stor glede for dei frammøtte, gjorde vérdama ei endring.

- Då tar me regn i Oslo og sol i Bergen, sa Thea Karoline Sæle (3b).

Då elevane på skulen på den andre førestillinga på sitt årlege store mønstringsarrangement i går skulle markera at NRK TV fylte 50 år i 2010, var det nok mange i foreldregenerasjonen som kjente igjen personar og programseriar frå dei første 10-åra med norsk fjernsyn. Elevar frå første til sjuande årstrinn imponerte publikum med ei historieforteljing dei berre delvis sjølv har opplevd. Song og musikk har ein sentral plass i det elevane framførte.

OL på Lillehammer høyrer med i ei slik jubileumssendingOL på Lillehammer høyrer med i ei slik jubileumssending
OL på Lillehammer høyrer med i ei slik jubileumssending

Særleg dei tre siste vekene har det handla om den store «jubileumssendinga».

- Skulen har årleg hatt eit stort fellesarrangement dei siste 15 åra, og dei siste tre-fire vekene har det i grunnen berre handla om dette. Vi ønskjer på denne måten å syna fram resultatet av vårt medvitne arbeid med praktisk/estetiske fag, seier koordinator Jarl Heggernes. Vanlegvis går storsamlinga av stabelen om hausten, men denne gongen vart det av ulike grunnar forseinka.

Dagsrevyen

I den store «jubileumssendinga» var Dagsrevyen gjennomgåande tema i alle dei 10-årsbolkane som vart presenterte. Dermed fekk forsamlinga ein nyttig repetisjon av viktige hendingar frå 1960 og fram til i dag. Elles handla det mellom anna om barne-TV, Syng med oss, OL på Lillehammer, Norge Rundt og Melodi Grand Prix Junior.

Norge RundtNorge Rundt
Norge Rundt

Det var gratis adgang til det flotte arrangementet, men kollektkorga gjekk rundt. Pengane går til jordskjelvofre i Japan.

NRK Hordaland laga reportasje frå den første førestillinga. Lytt til innslaget her!


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
13.04.2011
Sist oppdatert:
13.04.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom