Bebuarane på demensavdelinga på Kvednatunet storkoste seg på krabbefesten på Kvednatunet måndag 24. oktober. Initiativtakar Judith Sætre Brommeland hadde skaffa 100 krabbar, og saman med andre gode medarbeidarar fekk ho kokt og reinska krabbane. Med fire rosebukettar frå Ulveseth gartneri fekk krabbefesten ei flott ramme.
- Bebuarane og dei pårørande som var til stades, koste seg med både krabbe, kaker og kaffi på festen. Det ligg mykje arbeid bak ein slik fest, seier fagleiar Janfrid Kvalheim.
Allsong med pårørande, tilsette og brukarar
Allsong med pårørande, tilsette og brukarar
Stolt over medarbeidarane
Konstituert Ruth Sangolt rosar medarbeidarane på Kvednatunet for mange gode trivselstiltak for brukarane på Kvednatunet.
- Dei brukar fritida si for å få dette til og gjer meir enn vi kan forventa. Ikkje minst er det flott at dette skjer i ein periode der kommunen har sine økonomiske utfordringar. Dei tilsette har brukarane i fokus og gjer mykje for å skapa eit godt fellesskap. Dette fører også til at det vert god kvalitet på tenestene, seier Ruth Sangolt.
Gunvor Aslagsen (i midten) saman med Jane og Kjellfrid frå personalet
Gunvor Aslagsen (i midten) saman med Jane og Kjellfrid frå personalet
På måndag var det krabbefest på demensavdelinga det handla om. I løpet av året har alle avdelingane på Kvednatunet fleire arrangement for å skapa trivsel. Nyleg vart det også arrangert haustfest på bufellesskapa for brukarar med somatisk sjukdom. Der hadde dei basar med gevinstar gjeve av tilsette og pårørande, og alle vant! Mykje fellessong skapte glede, og miljøarbeidar Else Iren Eide leste dikt frå gamle dagar. Menyen denne dagen var flotte snittar og kaker.
Judith Sætre Brommeland skaffa krabbar
Judith Sætre Brommeland skaffa krabbar
- Vi blir stolte og glade når vi ser den innsatsen som dei tilsette gjer for dei som bur her. Ikkje berre når det vert planlagt arrangement, men også i den travle kvardagen har dei fokus på livskvalitet for bebuarane, seier Ruth Sangolt og fagleiarane Janfrid Kvalheim og Britt Kålås.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Personalet på Kvednatunet