Ungdommens kommunestyre (UKS) har løyvd 10 tusen kroner til organisasjonen Juvente Sotra.
Frå arbeidsmøtet i UKS i mars
Frå arbeidsmøtet i UKS i mars
Pengane skal dekkja kostnadene med rusfrie temakveldar for ungdom i alderen 13 til 26 år. Temakveldane vert arrangerte innandørs og utandørs ulike stader i Fjell. Juvente Sotra fekk også 10 tusen kroner i støtte frå UKS i mai i fjor. På møtet torsdag i sist veke, behandla UKS tre søknader om støtte frå UKS sitt tilskot. Dei to andre søkjarane fekk avslag.
Tiltaksplan for UKS
På møtet vart det orientert om status for dei ulike gruppene i UKS. Aktuelle tiltak er:
- Reklamefilm for UKS
- T-skjorter for UKS
- Talentkonkurranse med MOT
- Samarbeid med eldrerådet om betre rutetilbod frå SKYSS
Det vert arbeidd vidare med tiltaksplanen på neste arbeidsmøte i UKS 9. juni.
Elles ønskjer UKS felles opplæring med Askøy UKS og ungdomsrådet i Sund. UKS ønskjer ein representant frå KS som kan leia opplæringa saman med ressursar i Fjell kommune.