Google
Skriv ut print

1,9 mill. til fornying og omstilling

Fjell kommune har saman med nabokommunar og åleine fått totalt 1,9 millionar kroner av Fylkesmannen til fornying og omstilling.

Fylkesmannen har tidlegare totalt fordelt 118 millionar kroner i skjønsmidlar tidlegare i år. No i juli har han løyvd nye 13 millionar kroner til ulike prosjekt retta mot omstilling og fornying i kommunane.

Ein stor del av dei midlane Fjell kommune får tildelt er samarbeidsprosjekt med nabokommunane Askøy, Sund og Øygarden. Fylkesmannen skriv på heimesida si at han har prioritert prosjekt som er organisert gjennom interkommunalt samarbeid.

Frå "Kick off"-samling om barneverprosjekt Frå "Kick off"-samling om barneverprosjekt
Frå "Kick off"-samling om barnevernprosjektet "Betre Saman"

Midlar til Fjell kommune og samarbeidsprosjekt der Fjell kommune er involvert:

- Etterbehandling og rehabilitering av pasientar frå sjukehus.
  Samarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund
  og Øygarden                                                          kr. 200.000

- JordmorHeim. Oppfølging av kvinner og barn som reiser tidleg heim
  etter fødsel                                                            kr. 100.000

- Samarbeid kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
  Gjennomgang av organisering og synleggjering av løysingar for å
  betra barnevernet i kommunen                                kr. 300.000

- Kompetanseheving og erfaringsutveksling for å identifisera og følgja
  opp risikoutsette barn i barnehagar i Fjell og Askøy.  kr. 300.000,- 
                                                    

- Planikurs. Digitalt planregister på nett for Fjell, Fusa og
  Øygarden kommunar                                               kr. 100.000

- Kartlegging og vurderinga av friluftsområde i Fjell     kr. 300.000

- Betre saman, friskliv saman med Askøy, Sund
  og Øygarden                                                          kr. 300.000

- Etablering av forpliktande IKT-samarbeid
  i region vest                                                           kr. 300.000


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
13.07.2011
Sist oppdatert:
28.07.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom