Google
Skriv ut print

Nest-Sotra United 24. juni - ankomst Aten

Reisebrev frå Tove Iren Vindenes:

Sommarnatta blei som tidlegare skrive tilbrakt ombord på Blue Star I. Då vi ankom hamna i Pireus blei vi frakta direkte til velkomstsenteret, der vi blei fordelt i nye bussar ut i frå kor vi skulle innkvarterast. Med politieskorte køyrde bussen oss til eit luksushotell, Plaza Resort Hotell, som ligg idyllisk i ei bukt på sørkysten av Aten.

 

Vel framme på Plaza Hotell blei resten av dagen sett av til restitusjon etter eit langt reisedøger. Veterangutane, Hallgeir, Harald, Svein Olav og Rune har fått rom med terrasse og sjøutsikt, og nyt kvar tilgjengeleg augneblink på den. Hallgeir sin kommentar på rommet var: "Dette er heilt fantastisk", medan vi høyrde Harald seie i bakgrunnen:"Dette er heilt kanon".

  
Ein velfortent kvil mellom pausane.

Tilskodargruppa flaug frå Rodos til Aten, same dag og er innkvarterte på Sea View Hotell i Gylfada, like i nærleiken av kamparenaen. Dei har, som oss andre nytta stranda og bassenget, medan andre har besøkt Family Visitors Center. 

Dagen blei avslutta med eit spelarmøte på stranda, med ein solnedgang i bakgrunnen.  

Følg også med på heimesida til Nest-Sotra United 


Publisert:
27.06.2011
Sist oppdatert:
30.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom