Sundag 11. desember er det 40 år sidan Sotrabrua vart opna for trafikk.
På sundag er det 40 år sidan Sotrabrua vart teken i bruk
Bilete frå hefte om Sotrabrua
Klokka 06.00 laurdag 11. desember 1971 vert "Sotra bru sett under trafikk" skreiv vegsjefen i ei kunngjering i bergensavisene to dagar før. Ifølgje eit hefte utgjeve av A/S Sotrabrua i 1989 vart det mykje ferdsle over brua etter at ho vart teken i bruk. Nokre skal ha utsett julehandelen i Bergen til brua vart opna. H.M. Kong Olav stod for den offisielle opninga av brua 25. mai 1972.
Sluttkostnaden for Sotrabrua er av Vegdirektøren sett til 39,8 millionar kroner. Bruselskapet sin del av byggjekostnaden vart rekna til 23,5 millionar kroner.
Her er kopi av to av avisoppslaga frå 11. desember 1971:
Bergens Tidende 11. desember
Bergens Arbeiderblad 11. desember
Tekst: Vigleik Brekke