I går kveld kunne stolte leiarar i Nest-Sotra FK gjera kjent at det er samla inn 713 tusen kroner til Nest-Sotra United sin tur til Spesial Olympics i Aten i sommar.
Det er Norges Fotballforbund (NNF) som har valt ut fotballaget frå Sotra til å representera Noreg i OL. Om lag 70 sponsorar har no sikra tur for alle dei 24 spelararne med følgje.
Geirmund Grøm Sæle på trening
Geirmud Grøm Sæle på trening
Ein av dei ivrige spelarane på laget er Geirmund Grøm Sæle frå Øygarden. Han lovar å gi alt når laget skal kjempa om medaljane i Aten.
- Eg kjem til å spela til eg vert sveitt, sa Geirmund då laget og støttespelarane var samla i klubbhuset i Skålevik måndag kveld.
Det største idrettsarrangementet i verda
Spescial Olympics i Aten i perioden 25. juni til 4. juli er det største idrettsarrangementet i verda med rundt 10 tusen utøvarar. Organisasjonen i Noreg er etablert som ein del av den internasjonale Special Olympics-rørsla for å arbeida for idrett for menneske med utviklingshemming.
Svein Olav Hopland, Knut William Serek Hanssen, lagleiar Tove Iren Vindenes, Roger Steffensen og Torborg H. Breivik
Svein Olav Hopland, Knut William Serek Hanssen, lagleiar Tove Iren Vindenes, Roger Steffensen og Torborg H. Breivik
Laget fekk ein svært god start i januar då kommunane Fjell, Sund og Øygarden løyde 150 tusen kroner til laget. Special Olympics finansierer ein tropp på 12 personar, men allereie i januar vart det slått fast at klubben ville samla inn sponsormidlar slik at heile Nest-Sota United på 24 spelarar kunne vera med til den stor opplevinga i Aten. Troppen frå klubben reiser sørover 19. juni til Rhodos der både spelargruppa og supportargruppa har felles opphald i fem dagar. Deretter går turen til Aten og konkurranse og første kampdag 26. juni. Den 27. juni vert det stor fest der mellom anna ordførar Eli Årdal Berland vert med.
Store sponsorinntekter
Fram til i går var det samla inn 663 tusen kroner. Når SpareBank 1 SR-Bank region Hordaland måndag kveld kunne overrekkja ein sjekk på 50 tusen kroner kunne jubelen sleppast laus. Målet på 700 tusen kroner var nådd. Marknadskoordinator i SR-Bank, Beate B. Rabben, seier at gjennom samarbeidet med denne klubben, har vi sett kva fenomenal jobb klubben gjer. Banken har eit gåvefond på eín million kroner i Hordaland.
Frå venstre:Helge Hopland (Nest-Sotra), Tove Iren Vindenes (Nest-Sotra), marknadskoordinator SpareBank 1 SR-Bank, Beate B. Rabben og kredittsjef i SpareBank 1 SR-Bank, Frode Soolheim
Frå venstre:Helge Hopland (Nest-Sotra), Tove Iren Vindenes (Nest-Sotra), marknadskoordinator SpareBank 1 SR-Bank, Beate B. Rabben og kredittsjef i SpareBank 1 SR-Bank, Frode Solheim
- Det kom inn søknader om totalt 30 millionar kroner. Det var i grunnen lett å innvilga pengar til dette spesielle prosjektet. Det appellerte oss at klubben ville at alle spelarane skulle få vera med på turen.
- Det var eit hårete mål vi sette oss, men no er det nådd, seier styreleiar i Nest-Sotra, Espen Strømme.
Ein viktig kanal for å skaffa sponsormidlar, har vore Vest Næringsråd. Lagleiar for Nest-Sotra United, Tove Iren Vindenes, seier at det har vore ein formidabel støtte frå næringslivet og at dette er noko NNF har merka seg.
Nest-Sotra United
Nest-Sotra United
Tekst og foto: Vigleik Brekke