Den førebelse rekneskapen for Fjell kommune syner eit netto driftsresultat på minus 7,7 millionar kroner. Dette er ei kraftig forverring av resultatet frå året før (2009) då kommunen kunne gjera opp rekneskapen med eit positivt driftsresultat på 30 millionar kroner.
Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt orienterte formannskapet om rekneskapen på møtet i går (11. april).
Meirinntekter i gevinst frå kapitalfondet, ekstraordinært tilskot til eldreomsorg og sal av Tide-tomt på Straume var ikkje tilstrekkeleg for å få balanse mellom inntekter og utgifter i 2010. Rekneskapen er mellom anna belasta med vel 13 millionar kroner i utbetaling til private barnehagar. Og den kalde vinteren i fjor førte til ekstra brøyteutgifter.
Untiedt sa at Fjell kommune står framfor store utfordringar i tida som kjem. Han peika mellom anna på kostnader med ny fleirbrukshall, utbetalingar til dei private barnehagane og forventa renteauke. Rådmann Steinar Nesse sa at kursen må leggjast om og at administrasjonen «snur alle steinar» for å få balanse i økonomien. Han meinte også at noko må gjerast med skulestrukturen.
Tekst: Vigleik Brekke