Google
Skriv ut print

Kystkultur i strålande sol

Nordsjøløypedagen fekk dei aller beste rammene då dagen vart markert på Langøy kystkultursenter i går (05.09). I strålande sol kunne nærare 150 frammøtte oppleva lokal kystkultur og eit variert program for dagen.

Då kultursjef Lennart Fjell opna Nordsjøløypedagen i Fjell, retta han takk til primus motor for
arrangementet, Odd Bjarne Solsvik. Solsvik er idretts- og fritidskonsulent i Fjell kommune.

Lennart Fjell opna dagen. Her er han i samtale med Inge Kolltveit frå Fjell kystlag på toppen av Ørnhaugen.Lennart Fjell opna dagen. Her er han i samtale med Inge Kolltveit frå Fjell kystlag på toppen av Ørnhaugen.
Lennart Fjell opna dagen. Her er han i samtale med Inge Kolltveit frå Fjell kystlag på toppen av Ørnhaugen.

     - Folk koste seg i det flotte véret, og nokre av barna tok seg også ein dukkert i det kjølege vatnet i tillegg til å ta seg ein kanotur. Mange tok også turen til Ørnhaugen (79 m.o.h), seier Odd Bjarne Solsvik.

Utsikt frå Ørnhaugen i nordleg lei. Turøyvarden teiknar seg mot himmelranda.Utsikt frå Ørnhaugen i nordleg lei. Turøyvarden teiknar seg mot himmelranda.
Utsikt frå Ørnhaugen i nordleg lei. Turøyvarden teiknar seg mot himmelranda.

Både Urtemakeriet og Hans Olav Fjell selde bakarvarer, og det var god avsetning for brød, bollar, lappar og vaflar.  Hans Olav Fjell gav ein kort historikk om den gamle handelsststaden, og det var mønstring av gamle trebåtar. Olav Ulveseth og Sund Torader-klubb stod for den musikalske ramma.

Oselvar høyrer med på NordsjøløypedagenOselvar høyrer med på Nordsjøløypedagen
Oselvar høyrer med på Nordsjøløypedagen.

Nordsjøløypedagen er internasjonal og omfattar ei rekkje arrangement i sju land rundt Nordsjø-bassenget. Totalt er det laga til turstiar i 26 regionar i Noreg, Danmark, Sverige, England, Skottland, Tyskland og Nederland.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Gudveig Lillebø


Publisert:
06.09.2010
Sist oppdatert:
07.10.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom