Komité for finans og forvaltning (KFF) behandla i går budsjettet for 2012 og økonomiplanen for 2012-2015. Fleirtalskonstellasjonen (Høgre, FrP og KrF) fremja eit førebels forslag til driftsbudsjett for neste år der det vart gjort påplussingar på vel to millionar kroner.
Personalsjef Lisbeth Grosvold og leiar i KFF, Tore Lønøy (FrP)
Personalsjef Lisbeth Grosvold og leiar i KFF, Tore Lønøy (FrP)
Forslaget vert sendt vidare for behandling i formannskapet 21. november og kommunestyret 15. desember. Arbeiderpartiet og Sotralista fremjar sine budsjettforslag i formannskapet.
Forslaget frå fleirtalskonstellasjonen innebér følgjande endringar i forhold til rådmannen sitt framlegg:
- Tilskot til trening for tilsette + kr. 200.000
- Tilskot til lag og organisasjonar + kr. 500.000
- Tilskot til praksisnær undervisning + kr. 700.000
- Vidareføring av frukt og grønt på ungdomsskulen + kr. 350.000
- Basecamp + kr. 100.000
- Homestart + kr. 100.000
- Radio Sotra, overføring av kommunestyremøte + kr. 125.000
Det er føreslått å auka nedbetalinga på lån med 965 tusen kroner. Auka utgifter og auka nedbetaling av lån vert finansiert ved å flytta momsrefusjon frå investeringsbudsjettet til driftsbudsjettet. Låneopptaket vert auka med tilsvarande beløp (kr. 3.040.000). Før det vert kjøpt inn bussar til funksjonshemma, omsorg og skule, skal ein vurdera alternative løysingar/driftsformer.
Fleirtalet føreslår vidare at det skal leggjast fram oversyn over kva stillingar som står vakante (ledige). Adminstrasjonen skal gjennomgå organisering og arbeidsform i dei administrative tenestene i kommunen for om mogleg frigjera ressursar. Det skal også leggjast fram eit oversyn over kva tenesteområde som eventuelt kan konkurranseutsetjast. Det vert også føreslått å leggja fram ei sak som skildrar korleis dei folkevalde i større grad kan påverka budsjettet for 2013.
Andre saker i KFF
Komitéen godkjende rådmannen sitt framlegg til endringar i tilknytingsgebyr for vatn og avlaup. Gjeldande gebyrregulativ er ikkje tilstrekkeleg tilpassa nye bustadmønster med til dømes fleirmannsbustader. I denne saka er det tilknytingsgebyret som vert endra for å sikra abonnentane eit korrekt og rettferdig gebyr.
Det vart vedteke å utsetja saka om gebyr for sertifisering av bedrifter som miljøfyrtårn. Komitéen ber administrasjonen å vurdera om Fjell kommune kan la andre aktørar gjennomføra sjølve sertifiseringsfunksjonen. Rådmannen har føreslått at det vert innført eit gebyr for sertifisering av miljøbedrifter bygd på sjølvkostprinsippet. Fram til no har Fjell kommune gjort dette som ei gratisteneste.
Tekst og foto: Vigleik Brekke