Kommunestyret skal på torsdag (14. april) ta stilling til korleis kunstgrasbana på Straume idrettspark skal finansierast.
Med knapt fleirtal gjekk komité for finans og forvaltning (KFF) i sist veke inn for ei finansiering av prosjektet ved å låna 3,2 millionar kroner og å ta 2,4 millionar kroner over driftsbudsjettet. Pengane over driftsbudsjettet vert tekne frå avsetnad til barn og unge, avsetnad til lag og organisasjonar og opplæringsmidlar. Mindretalet ville at rådmannen innarbeidde dei økonomiske konsekvensane i revidert budsjett for 2011.
Vurderer rekkjefølgjekrav til plan på Solsvik
24. mars utsette kommunestyret saka om reguleringsplan for Solplassen på Solsvik. Bakgrunnen for utsetjinga var spørsmålet om det skulle stillast rekkjefølgjekrav om bygging av gang- og sykkelveg langs Landrovegen/Solsvikvegen.
Det har vore møte mellom rådmannen og tiltakshavar, og rådmannen skriv i eit notat til kommunestyret at det er grunnlag for å forhandla fram ein avtale der tiltakshavar går inn med eit beløp på 1,5 – 2,0 millionar kroner til trafikksikring. Føresetnaden for ein slik avtale er at rekkjefølgjekravet om opparbeiding av gang og sykkelveg frå planområdet til Landro skule vert teken ut av reguleringsføresegnene. Saka står på sakskartet til møtet på torsdag.
Andre saker i kommunestyret torsdag 14. april
- Revisjon av kommuneplanen sin arealdel 2011-2022
- Reguleringsplan for bustader på Ebbesvika
- Kommunedelplan for skule- og utdanning
- Busetjing av flyktningar
- Eigarskapsmelding
Tekst: Vigleik Brekke