Google

Barneverntilsyn: Ingen avvik eller merknader

Fjell kommune fekk korkje avvik eller merknader etter at Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn av barnevernet i mai. Det melder Fylkesmannen på heimesida.

Det er svært sjeldan at eit tilsyn korkje gjev avvik eller merknad. Fylkesmannen gjennomførte tilsyn av barnevernet i tre kommunar i Hordaland i mai.

Barnevernleiar Bård Tyldum
Barnevernleiar Bård Tyldum

- Eg er stolt over dei tilsette. Dei har gjort eit solid og samvitsfullt arbeid, og dette har tydelegvis Fylkesmannen sett igjen i journalane til barna, seier barnevernleiar i Fjell, Bård Tyldum.

Landsomfattande tilsyn

Dette tilsynet i tre kommunar i Hordaland er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2011.Føremålet er å undersøkja om kommunen gjennom styringa si sikrar at det vert gjort gode nok undersøkingar og at hjelpetiltaka vert evaluerte. Mellom anna vert det lagt vekt på barna sin rett til medverknad.

- Eg understrekar at tilsynet omfattar to hovudtema og at vi heilt sikkert kan verta betre på fleire område i barnevernet. Resultatet frå tilsynet gjer oss berre motivasjon til å halda fram å vidareutvikla tenesta innan alle delar av fagområdet vårt, seier Tyldum.

Barnevernleiaren seier at Fjell kommune har hatt sterkt vekst i talet på nye saker, og vi har vore sårbar når det gjeld bemanning.

- Då er det særleg oppmuntrande og inspirerande å få ei tilbakemelding som dette, seier han.

Tilsynet har omfatta to hovudtema. Det eine var gjennomføring av undersøkingar og evaluering av hjelpetiltak til heimebuande barn. Dette er det første tilsynet Fylkesmannen gjer på oppdrag av Statens helsetilsyn etter å ha teke over det overordna ansvaret med barnevernfeltet frøste januar 2010.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
24.05.2011
Sist oppdatert:
05.10.2011
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom