I dag hadde Fjell kommune besøk frå Elverum kommune.
Det var ein delegasjon på 15 personar, med rådmann Irene Evenstad Midtlund i spissen, som hadde teke turen til Fjell og Vestlandet. Det var etter at fylkesstyra og rådmannsutvala i KS Hedmark og Oppland var på besøk i Fjell i august at rådmannen i Elverum ville ha med seg leiarteamet sitt til eit nytt besøk.
Arne Monsen frå Eigedomssjefen og styrar på sjukeheimen, Morten Amundsen, informerte om intermedær avdeling og den ny sjukeheimsdelen
Arne Monsen frå Eigedomssjefen og styrar på Fjell sjukeheim, Morten Amundsen, informerte om intermediær avdeling og den nye sjukeheimsdelen (paviljongen)
Med eit innbyggjartal på rundt 20 tusen er Elverum ein kommune med om lag same storleik som Fjell. Delegasjonen fekk generell informasjon om Fjell i tillegg til omdømeprosjektet og samhandlingsreforma.
Gjestene var særleg interesserte i å få informasjon om korleis Fjell hadde fått på plass paviljongen i helseområdet på Straume med totalt 14 sengeplassar. Paviljongen, som ligg i tilknyting til Fjell sjukeheim, gjev rom til både ei sjukeheimsavdeling og intermediær avdeling.
Det var også omvisning på Straume terapibygg.
Tekst og foto: Vigleik Brekke