I går hadde Fjell kommune besøk frå kommunane Karmøy, Haugesund og Tysvær. I tillegg til dei tre rogalandskommunane, var representantar frå Husbanken med på besøket. Også denne gongen var samhandlingsreforma det sentrale temaet.

Helsesjef Terje Handal helsar helse- og omsorgssjef i Karmøy komune, Reidar Bjåtveit velkomen til Fjell
I tillegg til generell informasjon om Fjell kommune, vart det gjeve orientering om intermediær avdeling, lokalmedisinsk senter, JordmorHeim, Straume dialysesatellitt, Øyane distriktspsykiatriske senter og om aktuelle samarbeidsprosjekt med Husbanken. Det var også omvisning i helseområdet på Straume.
Fjell kommune skal skriva rapporten "Helse- og sosiale tenester for framtida".
- Her skal vi mellom anna sjå om regelverket for tilskotsordninga for samhandlingsprosjekt er tilpassa den utviklinga vi stor overfor. Ikkje minst vil vi sjå på korleis dette slår ut for det planlagte lokalmedisinske senteret på Straume, seier omsorgssjef Line Barmen.
I tillegg til Barmen, var ordførar Eli Årdal Berland, helsesjef Terje Handal og spesialrådgjevar Svein Fjelland vertskap for besøket.
Tekst og foto: Vigleik Brekke