Denne veka kjem åtte personar frå Erfurt i Tyskland til Fjell for å utveksla erfaringar med integrering og inkludering av barn med særskilte behov. Dette er eit EU-prosjekt der deltakarane frå Erfurt og Fjell har besøkt kvarandre. I november reiser leiinga på Hjelteryggen skule saman med skulesjefen til ein stor kongress i Tyskland der temaet er heildagsskulen.
Rektor Karin Haugen
Rektor på Hjelteryggen skule, Karin Haugen
Hovudmålet med prosjektet er å læra av kvarandre på ulike nivå, både for barnehage og skule. I tillegg til Hjelteryggen skule, er Marihøna barnehage med på prosjektet. På Hjelteryggen skule vil gjestene verta kjent med korleis skulen arbeider med inkludering av barn med både store og moderate særskilte behov.
Delegasjonen frå Tyskland vil vera til stades og observera undervisning og samlingsstunder i skulen og i barnehagen. På denne måten kan skulen og barnehagen synleggjera mangfaldet i undervisningsmedtoande og dei ulike programma.
På nettsida til Fjell kommune vil vi koma tilbake med meir informasjon om besøket frå Erfurt.
Tekst: Vigleik Brekke, foto: Atle Justad