Målingar gjennomført på Bjorøy skule syner så høge verdiar at skulebygget inntil vidare ikkje kan nyttast til undervisning. Selskapet Radonlab har gjennomført målingar av radonkonsentrasjonen i lufta på skulen, og kommunen vart kjent med resultatet i går (5. mai).
Bjorøy skule
Bjorøy skule
Målingane som er gjort på Bjorøy skule, varierer mellom 104 og 1259 Bg/m3 i årsmiddelverdi. Statens strålevern tilrår at radonnivået vert halde på eit så lågt nivå som mogleg i alle bygningar og at tiltak alltid bør utførast når nivået i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 Bq/m3. Radonnivåa skal alltid vera lågare enn ei maksimumsgrense på 200 Bg/m3
På bakgrunn av dette har leiinga på Bjorøy skule i samråd med Skulesjefen og Eigedomssjefen avgjort at skulen vert stengt for undervisning inntil vidare. Som kortsiktige tiltak er det organisert "utedag" i dag 6. mai og frå måndag 9. mai undervisning på Liljevatnet skule. Dette tiltaket gjeld i første omgang fram til og med 13. mai.
- Elevane møter opp til vanleg tid klokka 08.25, og det vert busstransport til og frå Liljevatnet skule. Vi ber foreldra til dei elevane som nyttar SFO-ordninga om sjølv å levera og henta elevane på Liljevatnet skule, seier skulesjef Ellen Margrethe Hansen.
Nye radonmålingar
Bruk av ventilasjonsanlegg har synt seg effektivt for å redusera radonnivået i bygningar. Fram til nå har ventilasjonsanlegget på skulen vore i funksjon på dagtid når elevane har hatt undervisning. Difor er radonnivået i undervisningstida lågare enn årsmiddelverdien i dei målingane som er gjort. Ventilasjonsanlegget skal heretter vera slått på heile døgeret.
- For å få dokumentert det faktiske radonnivået, vert det i dag (6. mai) plassert ut fem måleinstrument som skal måla radonnivået i tre døger fram til måndag 9. mai. Denne målinga vil altså få fram radonnivået når ventilasjonsanlegget går for fullt heile døgeret, seier eigedomssjef Atle Justad.
- Som driftsansvarleg for skulen og eigar av bygget, legg Fjell kommune stor vekt på å sikra trygge og gode tilhøve for både barna og dei tilsette. I denne samanheng understrekar vi at inneklimaet skal vera innanfor alle rammer som lovar og retningslinjer krev. I tett dialog med Radonlab vil kommunen følgja opp faglege råd som vert gjevne, seier Justad.
Fjell kommune følgjer føre-var-prinsippet og vil ikkje nytta undervisningslokala på skulen før det er dokumentert at luftkvaliteten er under tiltaksnivået for radon. Det er venta at resultata av dei nye målingane ligg føre i løpet av komande veke.
Leiinga på skulen følgjer opp med detaljert og fortløpande informasjon om undervisningssituasjonen og bygningsmessige tiltak. Elevane får med seg informasjon til foreldrene i dag.
Tekst: Vigleik Brekke