Google
Skriv ut print

Bjorøy skule vert opna for undervisning

I samråd med leiinga og samarbeidsutvalet på Bjorøy skule, har Fjell kommune avgjort at skulebygget vert opna for vanleg undervisning frå og med måndag 16. mai.

Rektor Bjørnar Fjellhaug opnar Bjorøy skule for undervisningRektor Bjørnar Fjellhaug opnar Bjorøy skule for undervisning
Rektor Bjørnar Fjellhaug opnar Bjorøy skule for undervisning frå måndag 16. mai

På bakgrunn av resultata av målingar av radonnivået på Bjorøy skule, har skulebygget vore stengt for undervisning sidan fredag 6. mai. Desse målingane vart gjennomførte i ein periode då ventilasjonsanlegget berre var i funksjon på dagtid då elevane hadde undervisning.

I perioden 6. - 9. mai er det gjennomført nye målingar der ventilasjonsanlegget har gått for fullt heile døgeret. Resultata av desse målingane ligg no føre.

- Resultata syner at radonnivået er vorte vesentleg lågare etter at ventilasjonsanlegget har stått på kontinuerleg. Statens strålevern tilrår at det alltid bør utførast tiltak når nivået i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 Bq/m3. Målingane som er gjennomførte no, syner at nivået ligg godt under tiltaksgrensa på 100 Bq/m3, seier eigedomssjef Atle Justad.

Nye tiltak

Sjølv om skulebygget vert opna for undervisning, vil Fjell kommune setja i verk både kortsiktige og langsiktige tiltak for å sikra best mogleg inneklima på skulen. Det er tinga konsulenthjelp med høg kompetanse på tiltak mot radonkonsentrasjon. Etter gjennomgang av bygget, vil det i løpet av kort tid liggja føre rapport med forslag til eventuelt nødvendige tiltak på kort og lengre sikt.

- Som driftsansvarleg for skulen og eigar av bygget, legg Fjell kommune stor vekt på å sikra trygge og gode tilhøve for både barna. Fjell kommune vil følgja opp dei faglege råda som vert gjevne, seier Justad.

Takk for god hjelp!

- Fjell kommune vil nytta høvet til å takka elevane, foreldra og tilsette for eit svært godt samarbeid i den situasjonen som oppstod etter at skulen vart stengt. Vi har opplevd at alle dei involverte har hatt ei positiv og konstruktiv innstilling til den omorganiseringa som måtte gjennomførast. Vi rettar også ein stor takk til Liljevatnet skule som på kort varsel stilte opp med gode og tenlege undervisningslokale, seier skulesjef Ellen Margrethe Hansen.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
12.05.2011
Sist oppdatert:
12.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom