Med 26 mot 16 røyster vedtok kommunestyret i går kveld (26.05.) at utgreiinga om framtidig brannvernsamarbeid i Fjell, Sund og Bergen skal sendast ut til offentleg høyring i 45 dagar.
Utgreiinga vart overlevert til styret i Sotra Brannvern 18. februar. Frå venstre: Konsulent Magne Eikanger, leiar av styringsgruppa Ove Bernt Trellevik og styreleiar i Sotra Brannvern Nils Kåre Skoge
Utgreiinga vart overlevert til styret i Sotra Brannvern 18. februar. Frå venstre: Konsulent Magne Eikanger, leiar av styringsgruppa Ove Bernt Trellevik og styreleiar i Sotra Brannvern Nils Kåre Skoge.
Rådmannen hadde gått inn for at høyringsperioden skulle vera tre månader. Ved å halvera høyringsperioden, vert det lagt til rette for endeleg vedtak på det siste kommunestyret i denne valperioden (august).
Mindretalet (Frp, to uavhengige representantar og Venstre) røysta for eit forslag frå Frp om at noverande organisering av brannvernet i Fjell og Sund vert vidareført. I dette framlegget var det også godkjenning av branndokumentasjonen slik han låg føre.
Konsulent Magne Eikanger i Brannvern- og beredskapsrådgiver 1 føreslår i utgreiinga at kommunane Bergen, Fjell og Sund etablerer felles brannvesen. Han tilrår vidare at vertskommunemodellen vert valt som selskapsform. Tilrådinga om felles brannvesen vert grunngjeve fagleg. Økonomisk er det lite å spara på brannvernsamarbeid.
Ja til nytt samhandlingsprosjekt
Kommunestyret vdedtok samrøystes at Fjell kommune vert med i eit samarbeidsprosjekt om lindrande behandling (palliativ avdeling). Dette tilbodet er eit nytt samhandlingsprosjekt mellom Helse Bergen og dei fire samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Avdelinga er lokalisert på Kleppestø sykehjem på Askøy.
Planlagt oppstart for prosjektet er våren 2012. Også Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrende behandling og Helse Vest er ein del av samarbeidet. Tilbodet rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein kreftdiagnose.Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år.
Andre saker i kommunestyret
Plan for utbetring veg på Bjorøyna
Reguleringsplan for utbetring av fylkesveg 207 på Bjorøyna vart samrøystes godkjent. Det vart vidare vedteke at rådmannen får fullmakt til å utgreia mogeleg etappevis utbygging av fylkesvegen og finna finansieringsmåtar i samarbeid med fylkeskommunen.
I planen vert det lagt til rette for opprusting av eksisterande veg frå krysset ved den kommunale vegen til Bjorøyhamn i nord til brua i Tyssøyna i sør.
Nye lokale retningslinjer for barnehagesektoren
Kommunestyret vedtok nye lokale retningslinjer for barnehagesektoren. Med dette vert kommunale og ikkje-kommunale barnehagar sikra likeverdig økonomisk behandling. Retningslinjene omhandlar også foreldrebetaling for dei som har barn med spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og utviding/endring av barnehagetilbodet og samordna hovudopptak.
Saka om nye vedtekter for kommunale barnehagar vart trekt.
Tilskotssatsar til ikkje-kommunale barnehagar
Den nye modellen for utbetaling av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar vart godkjent. Modellen er utarbeidd i samarbeid med Askøy, Sund og Øygarden. Dette sikrar lik praksis kommunane imellom sjølv om kostnadsgrunnlaget og satsane kan vera ulike.
Skjenkeløyve for Oksen selskapslokale
Kommunestyret vedtok å innvilga Kokken Arthur skjenkeløyve for øl, vin og brennevin for Oksen selskapslokale. Bakgrunnen for søknaden er at Kokken Arthur har overteke drifta av dette selskapslokalet som ligg på øya Oksen ved Solsvik.
Orienteringar
Dagleg leiar i FjellVar, Bjarne Ulvestad, orienterte om vass- og avlaupssituasjonen i Fjell. Vasskapasiteten er brukt opp, og kommunen står framfor store investeringar. Som supplement til Fjæreidevassdraget, kan det byggjast eit vassverk knytt til Bildøyvatnet i løpet av to år som eit kortsiktig tiltak. Når det gjeld avlaup, er situasjonen også alvorleg. Befolkningsutviklinga fører til at kommunen vert pålagt strengare krav til avlaup. Også her står kommunen framfor store investeringar.
Dagleg leiar i FjellVar Bjarne Ulvestad
Dagleg leiar i FjellVar Bjarne Ulvestad
Rådmann Steinar Nesse orienterte om tre rapportar utarbeidd av Agenda Kaupang. Ein førebels analyse syner at dei fire kommunane kjem ut med eit økonomisk tap ved ei kommunesamanslåing. Rapportane syner likevel at det er økonomisk gode grunnar til å finna fram til gode samarbeidsløysingar som gjev gode tenester for innbyggjarane.
Innkalling med saksdokument kan du lesa her.
Tekst og foto: Vigleik Brekke