Google
Skriv ut print

Brei støtte til "byplanen"

Med åtte mot ei røyst gjekk formannskapet i dag (06.06.) inn for å godkjenna områdereguleringsplan for Straume sentrum.

Venstre røysta imot innstillinga. Fleirtalet gjekk inn for rådmannen si innstilling med nokre få endringar. Med denne innstillinga skal kommunestyret 16. juni vedta den største og mest omfattande reguleringsplanen i Fjell nokosinne.

Fagleiar Hans-Jacob RoaldFagleiar Hans-Jacob Roald
Fagleiar Hans-Jacob Roald orienterte om planen

Formannskapet støttar rådmannen si innstilling om at kommunen er innstilt på å hjelpa til økonomisk med opparbeiding av gater, plassar, bygningar, forvaltning og drift i Straume senter. I innstillinga til dette punktet vart det lagt til at det skal lagast ei eiga sak for kommunestyret om konsekvensane av at kommunen hjelper til økonomisk.

I innstillinga til kommunestyret heiter det at i samband med tilkopling til nytt fastlandssamband, skal det lagast ein samla plan som syner tilkomst frå nord, tilkomst til parkering i fjell frå nord og dimensjonering av dette, opprusting av kollektivterminalen og ei langsiktig løysing for "park and ride"-anlegget. I tillegg går formannskapet inn for at denne planen også skal syna tilkomst frå tomta til Straume Bensin Autosenter AS og innkjørselen til Sartorparken.

Det vert i innstillinga også presisert at det ikkje skal gjevast bruksløyve innanfor planområdet før parkeringsanlegg i fjell, med tilkomst frå Bildøyvegen, er godkjent opparbeidd. Det skal heller ikkje gjevast bruksløyve innanfor planområdet før det er bygt ut tilfredsstillande vatn- og avlaupsanlegg.

Omfattande plan

Planområdet er på 107 dekar og legg opp til ei samla utbygging på om lag 96 tusen kvadratmeter i tillegg til det eksisterande arealet på rundt 83 tusen kvadratmeter. Målet med planen er å skapa ein bystruktur og leggja til rette for nye og samansette funksjonar. Planen vert fremja av Fjell kommune og er utarbeidd i samarbeid med Sartor Holding.

Gatetverrsnitt Sartorvegen. Illustrasjon: Dronninga landskapGatetverrsnitt Sartorvegen. Illustrasjon: Dronninga landskap
Gatetverrsnitt Sartorvegen. Illustrasjon: Dronninga landskap

Sentralt i sentrum vert den nye «Festplassen». Dette skal verta den viktigaste møteplassen i det nye regionsenteret. "Festplassen" skal vera ein plass og bygg med særskilte kvalitetar.

Tre motsegn frå Fylkesmannen

Fylkesmannen har kome med tre motsegn til planen. Han kravde handelsanalyse og betre handtering av støy. Det ligg no føre handelsanalyse og endringar i føresegnene som sikrar betre støyskjerming, og dermed er det oppnådd semje om to av motsegnpunkta.

Men kommunen og Fylkesmannen har ikkje oppnådd semje om det tredje motsegnspunktet; parkeringsdekninga. Talet på parkeringsplassar er redusert frå 3150 til 2750 og det vert lagt til grunn at eit første byggjesteg bør gje rom for 1 500 parkeringsplassar. Sjølv om ikkje kommunestyret kan eigengodkjenna planen, vert planen lagt fram for kommunestyret. Dersom kommunestyret godkjenner planen, går han vidare til mekling og eventuell klage til Miljøverndepartementet.



Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
06.06.2011
Sist oppdatert:
06.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom