Måndag 21.november skal formannskapet behandla budsjettet for 2012 og økonomiplanen for 2012-2015. Denne saka stod på sakskartet i administrasjonsutvalet og komité for finans og forvaltning (KFF) tysdag 15. november.
Her kan du lesa saksdokument for budsjettsaka og oppsummering av møtet og protokoll frå KFF 8. november.
Planprogram for bustadutvikling
Planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, utviklingstrekk, planprosessen og opplegg for medverknad. Fjell kommune står framfor dei største og mest omfattande utbyggingsplanane nokon sinne. Det er difor behov for eit oppdatert planverk om dette. Plan- og bygningslova krev at det skal lagast planprogram for alle kommunedelplanar. Rådmannen føreslår at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn i åtte veker.
Søknad om handtering og lagring av lågradioaktivt avfall
Coast Center Base AS har søkt om løyve til å lagra og handtera lågradioaktivt avfall på Ågotnes. CCB har handtert denne typen avfall sidan 1988, og frå 2006 har selskapet hatt løyve til mottak, descaling og mellomlagring. Rådmannen går inn for at CCB med visse vilkår får vidareføra løyvet til handtering og lagring av avfallet.
Reguleringsplan for kollektivfelt mellom Straume og Knarrvika
Rådmannen går inn for å godkjenna framlegg til reguleringsplan for sambruksfelt på riksveg 555 mellom Straume og Knarrvika. Det vert lagt til rette for utviding av riksveg 555 frå to til fire felt der dei to nye felta er reservert for kollektivtrafikk.

Planen har lege ute til offentleg ettersyn. På bakgrunn av merknadene er det gjort nokre endringar og justeringar i planen. Den største endringa er at ny innfartsparkering på den såkalla "McDonald-timta" vert teken ut av planen. Bakrunnen for dette er at innfartsparkeringa kan løysast innanfor ein eigen reguleringsplan for Straume sentrum. Denne tomta kan liggja som eit friområde slik Fylkesmannen har peika på i sin merknad.
Høyringsuttale til hamneforskrifter
Det ligg føre endringar i lokale forskrifter for BOH. Det er innført nytt system for avgifter og vederlag etter at den nye hamne- og farvasslova vart gjeldande frå 2009.
Tekst: Vigleik Brekke