Google
Skriv ut print

Budsjettet i hamn

Fjell kommunestyret vedtok i går kveld driftsbudsjettet for 2012, økonomiplan for 2012-2015 og investeringsprogram. Det var samarbeidspartia (Høgre, FrP og KrF) sitt budsjettframlegg som vart vedteke.

Dirigentbordet. Varaordførar Odd Bjarne Skogestad, ordførar Eli Årdal Berland og leiar av politisk sekretariaet Grethe BergensvikDirigentbordet. Varaordførar Odd Bjarne Skogestad, ordførar Eli Årdal Berland og leiar av politisk sekretariaet Grethe Bergensvik
Dirigentbordet. Frå venstre: varaordførar Odd Bjarne Skogestad, ordførar Eli Årdal Berland og leiar av politisk sekretariat Grethe Bergsvik

Driftsbudsjettet er auka med vel tre millionar kroner i forhold til rådmannen sitt framlegg og balanserer på knapt 1,3 milliardar kroner. Tillegget på tre millionar kroner i driftsbudsjettet vert finansiert med å ikkje flytta tre millionar kroner i momserefusjon frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet.

Det vert investert for 97,2 millionar kroner i Fjell neste år (ekskl. etableringslån). Dei største investeringspostane neste år er ny fleirbrukshall og utbygging av gravplassar på Foldnes og Kleivane. Det vert teke opp lån på 45,2 millionar kroner for å fullfinansiera investeringane.

Før budsjettet kom opp til røysting, prøvde samarbeidspartia (Høgre, FrP og KrF) og opposisjonen (Ap, Sotralista, Venstre, SV og Sp) å arbeida fram ei felles plattform for budsjettprosessen. Etter gruppemøte og gruppeleiarmøte, vart det ikkje semje om dette. Dermed vart det samarbeidspartia sitt framlegg til budsjett som vart vedteke.

I forkant av kommunestyret demonstrerte mellom 150 og 200 foreldre og barnehagebarn mot forslaget til budsjett. Dei meiner det vert overført for lågt tilskot til dei private barnehagane.

Vedtaket i kommunestyret i går innebér følgjande tillegg til rådmannen sitt framlegg til driftsbudsjett:

  • Tilskot til trening for tilsette                     200.000,-
  • Tilskot til lag og organisasjonar                500.000,-
  • Tilskot til praksisnær undervisning            700.000,-
  • Vidareføring av frukt og grønt i u-skulen   350.000,-
  • Basecamp                                              100.000,-
  • Homestart                                              100.000,-
  • Radio Sotra, overf. kommunestyremøte    125.000,-
  • Auka nedbetaling av lån                           965.000,-
  • Totalt                                                  3.040.000,-

I investeringsprogrammet vart det vedteke å setja av to millonar kroner kvart år i perioden 2012 til 2014 for å laga turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen. Dette vert finansiert ved å redusera tomtekjøp med éin million kroner og ombygging/rehabilitering med eín million kroner kvart år i dei tre åra. Før det vert kjøpt inn bussar til funksjonshemma, omsorg og skule, skal det leggjast fram sak om alternative løysingar, leige eller anna driftsform.

Tekstforslag som vart vedtekne

Med røystene til samarbeidspartia vart det vedteke ein tekstdel i fleire punkt. Referata frå møta i stillingsgruppa skal leggjast fram for komité for finans og forvaltning (KFF). Det skal setjast i gang ein gjennomgang av dei administrative tenestene, og det skal innan 1. april leggjast fram eit oversyn over kva tenesteområde som eventuelt kan konkurranseutsetjast. KFF skal innan 1. mars leggja fram ei sak om budsjettprosessen og økonomiske handlingsreglar.

I samband med oppretting av eit barnehageutval skal ein gå gjennom alle forhold i samband med finansieringa av private barnehagar og leggja fram eit notat om dette i forkant av revidert budsjett i juni 2012.

Mindretalet

Mindretalet (Ap, Sotralista, Venstre, SV og Sp) røysta for rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan. Desse gruppene i kommunestyret røysta vidare for å oppnemna eit politisk adhoc-utval samansett av gruppleiarane i kommunestyret. Utvalet skulle laga ei berekraftig budsjettramme i balanse for perioden 2013 til 2016. Mindretalet røysta også for at det vert lagt fram ei sak som skildrar korleis dei folkevalde i større grad kan påverka budsjettet for 2013. Arbeiderpartiet, Sotralista og Venstre trekte sine budsjettforslag som vart presenterte i formannskapet. Tekstdelen i desse forslaga vert likevel sendt over til formannskapet for behandling.

Semje om samhandlingsreform

Etter forslag frå Arbeiderpartiet i budsjettsaka, vedtok kommunestyret samrøystes å be om at ordføraren legg fram ei sak for kommunestyret om kva samhandlingsreforma betyr for Fjell kommune og regionen.

Val av styre for bustadstiftinga og pensjonskassen

Kommunestyret gjenomførte val av styre for Fjell kommunale pensjonskasse, Fjell Bustadstifting og kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Det vart også gjennomført val av representant til styret for Trigger AS og representant til Interkommunalt arkiv i Hordaland.

Fjell kommunale pensjonskasse

  • Kirsten Syljeset (H), varamedlem Cecilie Rathem (H)
  • Britt Svendsen (FrP), varamedlem Ann-May Åse (FrP)
  • Inge Ree (ekstern), varamedlem Else Johnsen Aase (ekstern)
  • Jan Utkilen (Sotralista), varamedlem Sveinung Vethe (Ap)
  • Tore Turøy (V), varamedlem Eva Vik (Ap)

Fjell Bustadstifting

  • Anita Garlid Johannessen (leiar), varamedlem Else Johnsen Aase
  • Cato Zachrisen (H), varamedlem Terje Fjellhaug (FrP)
  • Egil Morland, varamedlem (Jørgen Haugstvedt)
  • Ranveig Frøiland (Ap) nestl., varamedl. Joachim Snekkevik Hevrøy
  • Bjørn Vie, varamedlem Marianne Rosenvold

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne

  • Elisabeth Sandvik (H) leiar, varamedlem Liv Urhaug (KrF)
  • Mari Mikkelborg, nestleiar
  • Joachim Snekkevik Hevrøy (Ap), varamedlem Jarle Syltøy (Sotralista)
  • Svein Arthur Pedersen (SAFO), vara Hans Ivan Amundsskås (SAFO)
  • Britt Nonås (FFO), varamedlem Vigis Landro (FFO)
  • Gunnar Angeltveit (FFO), varamedlem Anne Mary Lerum (FFO)
  • Morten Mortensen (FFO)

Representant i styret for Trigger AS

  • Vidar Arnesen (FrP), vararepresentant Elna Nybakk (Sotralista)

Representant til Interkommunalt arkiv i Hordaland

  • John Sørli (Frp), vararepresentant Svein Bergh (Sotralista)

Andre saker i kommunestyret 15. desember

  • Kommunestyret godkjende endringar i tilknytingsgebyr for vatn og avlaup. Gjeldande gebyrregulativ er ikkje tilstrekkeleg tilpassa nye bustadmønster med til dømes fleirmannsbustader. I denne saka er det tilknytingsgebyret som vert endra for å sikra abonnentane eit korrekt og rettferdig gebyr
  • FjellVAR får kommunal garanti for lån på 150 millionar kroner som skal finansiera investeringar i nye prosjekt i perioden 2011-2013.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
15.12.2011
Sist oppdatert:
16.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom