Google

Byrådet vil ha kollektivfelt

Byrådet i Bergen har vedteke å leggja framlegget til kommunedelplan for Sotrasambandet for strekninga Kolltveit-Storavatnet ut til offentleg ettersyn.

Fjell formannskap har også vedteke å leggja planen ut på høyring. Det er Statens vegvesen som administrerer høyringa. Høyringsperioden er på seks veker.

Vil ha eigne kollektivfelt

Byrådet meiner at løysingane i kommunedelplanen ikkje tilfredsstiller krava som bystyret har sett for Sotrasambandet når det gjeld kollektivtransporten. Difor ønskjer byrådet at dei to alternativa i F-konseptet (ny hovudveg og ny bru på fire felt sør for eksisterande bru) må "bearbeidast" for å styrkja konkurranseevna til kollektivtransporten.

I vedtaket heiter det at i begge alternativa i F-konseptet må to av felta reserverast for kollektivtransport. Kollektivtransporten i området ved Drotningsvik kan ifølgje byrådet eventuelt organiserast med eit rutetilbod på lokalvegnettet og omstigning på terminalen ved Storavatnet.

Byrådet understrekar også kor viktig det er med parallell framdrift av dei to kommunedelplanane; Kolltveit-Storavatnet (del I) og Storavatnet-Liavatnet (del II).

Også dei to alternativa i J-konseptet (utviding av noverande veg til fire felt og ny tofeltsbru like nord for eksisterande bru) vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Målet er at Bergen og Fjell kommunar gjer endeleg vedtak for kommunedelplanen slik at fylket kan gje uttale til Nasjonal transportplan (NTP) på fylkestingsmøtet 12. juni. NTP er klar for endeleg behandling i Stortinget våren 2013.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
21.03.2012
Sist oppdatert:
22.03.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom