Også byrådet i Bergen går inn for å dela opp planprogrammet for Sotrasambandet i to planar; eín for strekninga Kolltveit-Storavatnet og eín plan for strekninga Storavatnet- Liavatnet.
Sotrabrua i dag
Sotrabrua i dag
I innstillinga frå byrådet i går heiter det vidare at dei to kommunedelplanane skal utarbeidast parallelt og det må setjast av tilstrekkelege ressursar til begge planoppgåvene. Krysset ved Storavatnet skal inngå i kommunedelplanen Kolltveit-Storavatnet, skriv Bergen kommune på nettsida.
Denne innstillinga til bystyret samsvarar med det Fjell kommunestyre vedtok 24. mars om at det framtidige planarbeidet vert delt opp i to sjølvstendige planar. I vurderinga av kva prinsipp som skal vidareførast, har byrådet lagt vekt på at kollektivtransporten må styrkast i konkurranse med personbiltransporten. Byrådet meiner det ikkje er aktuelt å arbeida vidare med alternativ som ikkje kan tilby eigne, reserverte kollektivfelt.
Både Bergen kommune og Fjell kommune understrekar kor viktig det er at Sotrasambandet kjem med som prosjekt i Nasjonal transportplan 2014-2023.