Google
Skriv ut print

CCB-gründer opnar topp moderne skule

Tranevågen UngdomsskuleTranevågen Ungdomsskule
Tranevågen ugdomsskule.

Komande torsdag 28.10 skal Peter B. Namtvedt offisielt opna Tranevågen ungdomsskule på Ågotnes i Fjell. Det var Namtvedt som starta det store industrieventyret i Tranevågen for 40 år sidan. Den nye ungdomsskulen har fått namnet etter staden der forsyningsbasen Coast Center Base er lokalisert.


Peter B. Namtvedt hadde omvisning på skulen i sommar.
Frå venstre rektor Johnny Eide, ordførar Eli Årdal Berland, gründer Peter B. Namtvedt, rådmann Steinar Nesse, Peter B. Namtvedt jr. og skulesjef Ellen Margrethe Hansen.

Fleksiskule
Industrigründeren Namtvedt har allereie fått omvisning på det nye skuleanlegget.

- Denne skulen må raga på topp i landet. Eg vonar han vil verta til inspirasjon og eit førebilete for andre skular, seier Namtvedt.

Rektor Johnny Eide seier at det har vore ein god start på skuleåret. Elevane har tatt i bruk skulen på ein respektfull og eksemplarisk måte.

- Formelt er dette ein baseskule, men eg kallar gjerne dette ein fleksiskule som kan tilpassast ulike pedagogiske retningar, seier Johnny Eide som ser fram til den offisielle opninga på torsdag.

Moderne skule
Tranevågen ungdomsskule vart teken i bruk ved skulestart hausten 2010. Skulen er på 4800 kvadratmeter og har 480 elevar frå skulestart. Staben er på 70 medarbeidarar. Inklusive uteanlegg og utstyr har skulen kosta om lag 135 millionar kroner.

Skuleanlegget har topp moderne teknologi med audiovisuelt utstyr i auditorium og kantine Det er digitale tavler undervisningsrom. I kvar base ligg det administrasjonsfasilitetar for lærarar og avdelingsleiarar. Dette er ein "robust" skule som skal gje lang levetid, men samstundes med ei smakfull utforming og uteområde prega av naturstein. Skulen ligg sentralt til i eit område med idrettsanlegg, nye vegar, kollektivløysingar og parkeringsanlegg.

Prosjektet er planlagt i samarbeid med totalrådgjevaar Rambøll Norge AS. Bygget er gjennomført med delte entreprisar med Gudrun Ølnes i Fjell kommune som prosjektleiar.

Radio Sotra sender direkte frå opninga om lag klokka 15.00 og kommunestyret frå klokka 17.00.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert:
27.10.2010
Sist oppdatert:
27.10.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom