Google

Delte ut to kulturminneprisar

I ein pause i kommunestyremøtet i går, vart Algrøy skule og Gangstøgarden ressurssenter tildelt "Rydd eit kulturminne"-prisen for 2011. Dei to skulane fekk ti tusen kroner på deling. Det var kultursjef Lennart Fjell og ordførar Eli Årdal Berland som stod for utdelinga av prisane.

Lærar Morten Solsvik og elevane Hanna Guthu Isaksan (5. kl.) og Dina Spigseth Hovland (5. kl.) tok imot prisen frå ordførar Eli Årdal Berland på vegner av Algrøy skule.
Lærar Morten Solsvik og elevane Hanna Guthu Isaksen (5. kl.) og Dina Spigseth Hovland (5. kl.) tok imot prisen frå ordførar Eli Årdal Berland på vegner av Algrøy skule.

I samband med Norsk Kulturråd sin "Rydd eit kulturminne"-aksjon i fjor, tok Fjell kommune ved Kultursjefen og Fjell kulturskule i samarbeid med Fjell kulturminnelag, initiativ til ein lokal ryddeaksjon. 15 av 18 skular i Fjell melde seg på. Nokre prosjekt melde seg på i den nasjonale konkurransen, og Algrøy skule vart der plukka ut som eín av ti skular som fekk skryt, heider og pengepremie for prosjektet sitt.

Juryen konkluderte med at det var to skular som utmerka seg i forhold til dei kriteria som vart gjevne på førehand. Det vart svært vanskeleg å setja den eine kandidaten framfor den andre, og difor vart det avgjort at prisen for 2011 på 10 tusen kroner skulle delast på Algrøy skule og Gangstøgarden ressurssenter.

Ingvar Landa tok imot prisen på vegner av Gangstøgarden ressurssenter. Elevane hadde ikkje høve til å vera med på utdelinga på grunn av eksamen.
Ingvar Landa tok imot prisen på vegner av Gangstøgarden ressurssenter. Elevane på Gangstøgarden hadde ikkje høve til å vera med på utdelinga på grunn av eksamen.

Algrøy skule

Dette prosjektet skulle synleggjera grunnen på det gamle torvhuset sør for Vågsvatnet og gje elevane på skulen kunnskap og entusiasme om lokalhistoria.

Gangstørgarden ressurssenter

Elevane på Gangstøgarden skulle sikra og utbetra ei notbu og eit båtfeste i Grotvika på Knappskog.

Les grunngjevingane her!


Publisert:
01.06.2012
Sist oppdatert:
01.06.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom