Google
Skriv ut print

Drøfta budsjettet for 2012

Komité for finans og forvaltning fekk i går (8. november) presentasjon av rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2012 og økonomiplan for 2012-2015. 

 Framsida på dokumentetFramsida på dokumentet

Budsjettet for 2012 er gjort opp i balanse utan bruk av disposisjonsfond, og rådmannen understrekar at det er eit stramt budsjett. Budsjettet har ei ramme på 1,271 milliardar kroner. Det er budsjettert med ein reduksjon i stillingar tilsvarande knapt 33 årsverk. Det er føreslått å auka gebyrsatsane og eigenbetalingar med fem til 15 prosent. I saksframlegget er det lista opp døme på innsparingstiltak i 2012:

  • Praksisnær undervisning er teke ut
  • Frukt og grønt i skulen er teke ut frå hausten
  • Reduksjon i tilskot til lag og organisasjonar
  • Redusert drift av terapibassenget
  • Kommunal badevaktordning er teke ut

Det er lagt opp til investeringar for 97 millionar kroner ekskl. etablerings- og utbetringslån i 2012. Investeringsnivået er føreslått gradvis redusert i resten av økonomiplanperioden fram til 2015.

Komitéen drøfta ikkje konkrete framlegg til endringar i går, men tok saka til orientering. Etter ny behandling i KFF og formannskapet, skal kommunestyret gjera endeleg vedtak 15. desember.

Økonomirapport 2. tertial

KFF tok økonomirapport 2. tertial til etterretning. Etter vedtak om fleire innsparingstiltak etter 1. tertialrapport, er det budsjetterte underskotet i 2012 redusert frå 14,2 millionar kroner til 10,4 millionar kroner. Seinare er det avklart at ekstraordinært utbyte frå BKK skal førast i investeringsrekneskapen, og dermed får driftsrekneskapen auka underskotet tilsvarande. Ein auke i dei frie inntektene på rundt fire millionar kroner, dekkjer inn noko av bortfallet av utbytet frå BKK.

Det ligg føre forslag om å endra netto driftsresultat frå 10,4 millionar kroner til 15,3 millionar kroner og at dette vert dekka av disposisjonsfondet. Saka går til kommunestyret.

Andre saker i komité for finans og forvaltning (KFF)

Rutine for klagehandsaming
Komitéen støtta rådmannen sitt framlegg om ei førebels rutine for klagebehandling på vass- og avlaupsgebyr. Ordninga gjeld til kommunestyret har gjort vedtak til endring i § i forskrift om vass og avlaupsgebyr.

Avtale om bruk av kommunal eigedom
Knappskog Vel får løyve til å nytta delar av Fjell kommune sin eigedom i Grotvika. Knappskog Vel har overteke aktivitetane etter Grotvika Vel.

Salsløyve for alkohol
Brunnpris Ågotnes AS skal starta opp med daglegvareforretning i dei tidlegare lokala til Spar Ågotnes. Komitéen går inn for at forretninga får løyve til sal av alkohol. Kommunestyret tek endeleg avgjerd.

Arbeidsgjevarutval
KFF vedtok å halda fram med arbeidsgjevarutval. Utvalet vert samansett slik:

  • Anne Hestenes (Ap) vert leiar med Jan Arne Karlsen (Ap) som varamedlem
  • Gunnar Buvik (H) med Cecilie Rathem (H) som varamedlem
  • Britt Svendsen (Frp) med Bjarte Haugstvedt (KrF) som varamedlem

 Her kan du lesa saksdokument til møtet.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
09.11.2011
Sist oppdatert:
09.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom