Det ligg føre reguleringsplan for endeleg vedtak om utbetring av fylkesveg 207 på Bjorøyna.
Planen legg til rette for opprusting av eksisterande veg frå krysset med den kommunale vegen til Bjorøyhamn i nord til brua i Tyssøyna i sør. Komité for plan og utvikling gjev innstilling til planen komande tysdag 10. mai. Kommunestyret tek endeleg avgjerd.
Fylkesvegen på Bjorøyna er i dag smal og det er berre nokre stader det er fortau langs vegen. Målet med planen er å utbetra vegen for tovegstrafikk med ei total vegbreidde på 6,25 meter. Langs vegen er det planlagt fortau med ein breidde på 2,5 meter.
Planen har lege ute til offentleg ettersyn, og det er kome inn fleire merknader. Difor er det gjort nokre endringar og justeringar i planen.
To klagesaker på reguleringsplanar
KPU skal ta stilling til seks klagesaker. To av klagene gjeld reguleringsplanar vedtekne i kommunestyret. Den eine klagen gjeld plan for Stovebakken (Våge) om plan for bustader og småbåtanlegg. Den andre klagen gjeld plan for Midtre Fjell om 14 bustadeiningar i klyngetun. Rådmannen har vurdert klagene og tilrår at dei vert avviste.
Møtet tek til klokka 16.00 og vert halde i komitésalen i rådhuset. Her kan du lesa innkalling og saksdokument.