Google
Skriv ut print

Ekstrapengar til eldreomsorg og rusomsorg

Fjell er ein av 11 kommunar i Hordaland som får etterbetalt tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Fylkesmannen skriv på heimesida at regjeringa har auka investeringstilskotet til slike plassar.

Dette tillegget har tilbakeverkande kraft og gjeld alle som har fått tilsegn om tilskot frå Husbanken sidan ordninga vart innført i 2008. Fjell kommune får etterbetalt 2,4 millionar kroner. Tidlegare har Fjell fått utbetalt 7,1 millionar kroner i investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar sidan ordninga vart innført i 2008.

Den nye sjukeheimspaviljongenDen nye sjukeheimspaviljongen
Den nye sjukeheimspaviljongen

Fjell kommune får refundert pengar for investering av 14 nye sjukeheimsplassar i den nye sjukeheimspaviljongen.

- Dette var ei positiv overrasking. Det er flott at styresmaktene honorerer dei kommunane som tidleg investerte i nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, seier omsorgssjef Line Barmen.

3,9 mill. til rusomsorg

Fylkesmannen har løyvd 60,5 millionar kroner til tiltak overfor rusavhengige i 20 kommunar i Hordaland. Dette er 18 millionar kroner meir enn i fjor. Fjell kommune får i år knapt 3,9 millionar kroner som er knapt 2,4 millionar kroner meir enn i 2010.



Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
23.06.2011
Sist oppdatert:
22.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom