Skulesjef i Fjell, Ellen M. Hansen, har takka ja til stillinga som seksjonsleiar for skule i fagavdeling for skule og barnehage i Bergen kommune. Dermed takkar ho av etter 33 års teneste i Fjell kommune.

Ellen M. Hansen er klar for jobb i Bergen kommune
- Det har vore ei fantastisk tid i Fjell. Eg har ikkje vore på jakt etter jobb, og det kostar mykje å slutta i jobben i Fjell. Når denne stillinga vart ledig, vart det freistande å søkja, seier Ellen Margrethe Hansen.
Hansen starta si karriere i Fjell på Foldnes skule. Seinare har ho vore lærar på Brattholmen skule, hovudtillitsvald for Norsk Lærarlag Fjell og personalkonsulent. I 2001 vart ho konstituert som undervisningsleiar, og frå 2004 har ho vore skulesjef.
- Kvifor takka du ja til jobben?
- Bergen kommune driv med mykje spennande innanfor skule. Med denne jobben får eg arbeida med det eg likar aller best. Det handlar om pedagogisk utvikling, fagutvikling og arbeid med retning og mål for skulen. Eg har lyst å arbeida i ein stor organisasjon som Bergen kommune, seier Hansen.
Ellen Margrethe Hansen skal leia ei avdeling på nærare 25 medarbeidarar. Ho tek til i den nye stillinga i Bergen kommune etter ferien.
Tekst og foto: Vigleik Brekke