Endeleg vedtak for plan for idrettsplan
Komande torsdag (26. januar) skal kommunestyret gjera endeleg vedtak for kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 «Alle i aktivitet». Komité for drift gjekk i desember samrøystes inn for å godkjenna planen.

Denne planen er eit overordna politisk styringsdokument innan områda idrett og fysisk aktivitet og skal vera styrande for samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Planen legg til rette for at folk kan vera fysisk aktive, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn. Det er særleg lagt vekt på eit aktivt friluftsliv ettersom dette vert rekna som eit lågterkseltilbod som alle kan ta del i.
Store reguleringsplanar
Reguleringsplan for Kolltveit vest er klar for endeleg behandling i kommunestyret. Planområdet er på 270 dekar, og det vert lagt til rette for 373 bustader av variert storleik. Komité for plan og utvikling gjekk i sist veke inn for at det skal stillast rekkjefølgjekrav om at det skal byggjast gang- og sykkelveg til Fjell sentrum og Kolltveit skule. I tillegg til bustader omfattar planane ny barnehage, eksisterande industriområde og kulturminne. Planområdet ligg mellom Kolltveit og Blommen, om lag tre kilometer vest frå Straume og to kilometer nord for Fjell gard.
Kommunestyret skal også vedta reguleringsplan for Blommen, Nordre Fjell. Planen legg til rette for 48 nye bustadeiningar og infrastruktur. Også her er det lagt inn krav om at det skal byggjast gang- og sykkelveg til Fjell sentrum og Kolltveit skule før det vert gjeve bruksløyve til bustadene.
Andre saker i kommunestyret på torsdag
- Reguleringsendring for ny offentleg veg mellom Straume Næringspark og Ebbesvika
- Oreigning til gjennomføring av reguleringsplan, Haganes
- Godkjenning av plangrunnlag for lokalmedisinsk senter på Straume
- Lovpålagte avtalar mellom kommunar og helseføretak knytt til samhandlingsreforma
- Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane i lokalsjukehusområdet
- Drøftingssak om ulike sider ved eigarskap
- Folkevaldopplæring
- Val og søknader om fritak frå politiske verv
Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus. Her er innkalling med saksdokument.