Det er ikkje ofte at seminar går på fire språk i kultursalen i Fjell. Men i dag, 6. september, vart det snakka både tysk, fransk, nederlandsk og norsk då ein internasjonal delegasjon på 28 personar var på plass for å snakka om korleis det kan leggjast til rette for arbeid til utviklingshemma.
Internasjonalt besøk i Fjell
Internasjonalt besøk i Fjell i går
Det var ordførar Eli Årdal Berland som stod for den offisielle opninga av konferansen som går over fire dagar. Ho gav informasjon om Fjell kommune med vekt på kva tilbod dei utviklingshemma har i Fjell. På denne fagdagen var det innlegg av leiar av Straume Arbeidssenter, leiar NAV Fjell, Rune Jacobsen, personalsjef Lisbeth Grosvold, personalrådgjevar Wenke Sandvær og leiar av komité for drift, Vidar Arnesen.
Konferansen vart opna av ordførar Eli Årdal Berland
Konferansen vart opna av ordførar Eli Årdal Berland
Med hjelp av EU-midlar har Fjell og Luster kommunar saman med Helse Førde fått ein unik sjanse til å utveksla internasjonale erfaringar og kunnskap om tilbod for menneske med funksjonshemmingar.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om besøket seinare i veka.