Google
Skriv ut print

Fjell Idrettsråd får Frivilligprisen

Fjell Idrettsråd får Frivilligprisen for 2011. Idrettsrådet får prisen for sitt engasjement for idretten med fokus på frivillig arbeid og samarbeid mellom idrettskrins, idrettsråd, idrettslag og kommune.

I grunngjevinga frå juryen heiter det vidare at Fjell Idrettsråd har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å vera eitt av idrettsråda i Hordaland Idrettskrets tilrår andre idrettsråd å sjå og læra av.

 Jens KvalsundJens Kvalsund
Jens Kvalsund

- Dette var overraskande og heilt uventa. Dette er ein stor heider, og eg er glad for at vi vert sett på denne måten, seier leiar av Fjell Idrettsråd, Jens Kvalsund sjølv representerer Sotra Sportsklubb i rådet. Idrettsrådet får diplom og 10 tusen kroner som prisvinnar.

Fjell Idrettsråd er eit felles organ for all idrett i Fjell kommune og skal arbeida for best mogleg forhold for idretten Rådet skal vera ein arena for samarbeid mellom laga og dei kommunale styresmaktene og mellom laga og idrettskrinsen. Frå forslagsstillaren vert det understreka at Fjell Idrettsråd syner stor vilje til å vidareutvikla seg og delta aktivt på alle relevante skuleringstiltak i regi av Hordaland Idrettskrets.

Idretten er ein viktig møteplass

- I skuleringa har vi ein visjon om å arbeida for aktivitetar for alle. Idretten er ein svært viktig møteplass og arena og som gjev mange viktige nettverk. Dette er helsebringane arbeid som skal gje barna og dei unge ein triveleg oppvekst. Bruken av aktivitetsarenaene er prioriterte oppgåver for idrettsrådet. Vi vonar også det kan leggjast til rette for auka senioraktivitet i tida framover, seier Kvalsund.

Idrettsrørsla baserer seg på stor grad av frivillig arbeid. Ifølgje Jens Kvalsund står idretten i Fjell for rundt 100 tusen dugnadstimar i året. Dette har ein verdi på 30 - 50 millionar kroner.

Juryen for Frivilligprisen er samansett av representantar frå ulike aktørar i frivillig arbeid. Prisen vert delt ut på Musikkrådet sin julekonsert i Foldnes kyrkje sundag 11. desember.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
29.10.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom