Kommunestyret i Fjell vedtok samrøystes i dag (16.06.) å godkjenna skissa til ny fleirbrukshall på Straume med tre speleflater. Målt i nominelle kroner er dette den største einskildinvesteringa i Fjell nokosinne.

Situasjonsplan tre speleflater
Prosjektet er kostnadsrekna til mellom 165 og 175 millionar kroner. Den årlege driftskostnaden (kapitalkostnader, forvaltning og drift) er rekna til 11-12 millionar kroner.
Brutto investeringsramme er 175 millionar kroner. Til frådrag går momsrefusjon på 35 millionar kroner, salssum for tomt og klubblokale til Danielsen skule på 10 millionar kroner og spelemidlar på 17 millionar kroner. Netto prosjektkostnad vert etter dette mellom 105 og 113 millionar kroner. Det vert også arbeidd med å få private aktørar til å forskottera delar av lånebehovet i nokre år. I investeringsbudsjettet er det sett av 100 millionar kroner til ny fleirbrukshall i perioden 2011 – 2014. Det er venta at hallen vil stå klar til bruk våren 2013.
Sal av klubbhus og tomteareal
Det vart også samrøystes vedteke å godkjenna ein kjøpekontrakt mellom Fjell kommune, Straume Idrettspark AS og stiftinga Egill Danielsen om tomt og klubblokale på Straume. Verdien på eigedomstransaksjonen er 20 millionar kroner.
I saksutgreiinga skriv rådmannen at partane har kome fram til ein balansert avtale som sikrar alle partane sine interesser. Avtalen fører til at Danielsen skule sikrar sitt behov for snarleg utviding av barnesteget, Straume Idrettspark AS får tilført kapital ved salet og Fjell kommune kan i større grad styra utvidinga av det private skuletilbodet gjennom den privatrettslege avtalen. Skuletilbodet vert gradvis utvida til maksimalt 175 elevar, dvs. eín klasse pr. alderssteg.
I vedtaket heiter det at kommunestyret er innforstått med at det auka private skuletilbodet vil få konsekvensar for kommunen si eiga skuledrift. Kommunestyret vil difor sjølv ta initiativ til ein prosess om dette hausten 2011.
Innsparing på 17 mill. i 2011
Innsparingsforslaga i samband med økonomirapport 1. tertial vert i hovudsak gjennomført slik rådmannen har lagt opp til. Det var fleirtalskonstellasjonen (FrP, Høgre og KrF) sitt forslag som vart vedteke i kommunestyret i går. Rådmannen sitt forslag om innsparing på leirskule og kutt på 50 prosent av andrepedagogen i første årstrinn vert ikkje gjennomført. SFO-prisen pr. elev pr. månad vert auka med 150 kroner.
Den uavhengige representanten Bjørnar Fjellhaug fekk fleirtal for sitt forslag om at det til hausten vert lagt fram sak om eit utval samansett politisk og administrativt som kan sjå på mellom anna strukturelle endringar i heile organisasjonen for å oppnå ei meir effektiv, økonomisk og veldriven langsiktig drift.
Med dette vedtaket er 17 millionar kroner av eit salderingsbehov på 27,7 millionar kroner henta inn dette året. Det negative netto driftsresultatet på om lag 10,7 millionar kroner vert dekka av disposisjonsfondet.
Sotralista sitt forslag om å styrka budsjettet med ni millionar kroner vart avvist. Arbeidarpartiet sitt forslag om styrka budsjettet med 1,7 millionar kroner fekk heller ikkje fleirtal.
Godkjente fleire reguleringsplanar
Ja til Straume sjøfront
Kommunestyret godkjente reguleringsplan for Straume sjøfront. Denne planen omfattar eit område på 68 dekar og legg til rette for 200 bustadeiningar, næringsareal, fellesareal, parkering, offentleg strandpromenade og småbåthamner. Eitt hovudmål med planen er å opna Straume sentrum mot sjøen gjennom nytt gangsamband.
Det kom inn 14 merknader då planen låg ute til offentleg ettersyn, og Fylkesmannen og Statens vegvesen kom med motsegn. Etter drøftingar mellom partane og Fjell kommune vart motsegnene trekt tilbake.
Vedtok historisk "byplan" for Straume (sjå eiga sak)
Kleivane kyrkjegard
Reguleringsplan for Kleivane kyrkjegard vart samrøystes godkjent. I saksutgreiinga går det fram at det er eit stort behov for å utvida kapasiteten på Kleivane kyrkjegard. Planen legg til rette for to nye gravfelt, driftsbygning og infrastruktur. Utvidinga vil gje plass til 500 kistegraver og 350 urnegraver. Det vert også betre parkeringsdekning og tilkomst til tur- og leikeareal. Det kom inn fem merknader til planen.
Utbetring av veg Møvika - Åse
Kommunestyret godkjente samrøystes reguleringsplan for utbetring av kommunal veg mellom Møvika og Åse. Planen legg til rette for opprusting av eksisterande veg frå kysset ved riksveg 559 i Møvika og fram til snuplassen på Åse. Det er lagt opp til ein vegbreidde på 5,75 meter med ein breidde på 2,5 meter for kjørefeltet. I tilegg kjem fortau. Det er kome inn fleire merknader, og det er gjort endringar i planen og føresegnene.
Utbetring av veg Grunnavågen - Foldnes
Plan for utbetring av fylkesveg 209 Grunnavågen - Foldnes vart også samrøystes godkjent. Ei klage på planen vart i oktober i fjor teken til følgje. Planen er no revidert, og dei endringane som kommunestyret gjorde vedtak om, er innarbeidd.
Nei til eiga sak om innbyggjarinitiativet Bevar Straume
Kommunestyret vedtok at kommunen ikkje går vidare med det konkrete innbyggjarinitiativet «Bevar Straume». Det vart likevel vedteke at det skal fremjast ei sak om innbyggjarforum med gjennomgang av korleis ein skal organisera større saker i kommunen.
Andre saker i kommunestyret 16. juni
Prosjektrekneskapa for tilbygg og ombygging på Knappskog skule og vegkryss 561/Fjæreidevegen vart godkjente. Inklusive finansieringskostnader er det bokført 78,5 millionar kroner på skuleprosjektet.
Årsmelding og rekneskap for 2010 vart samrøystes godkjente.
Kommunestyret tok stilling til to klager på kommunestyrevedtaket om reguleringsplan for Anglavika. Ei av klagene vart teken til følgje, medan den andre vart avvist.
NG Spar Vest As fekk innvilga salsløyve for alkohol i lokale på Ågotnes torg.
Ordføraren får fullmakt til å ta avgjerd i ikkje-prinsipielle hastesaker som kan oppstå i sommarferien til utvala.
Kommunestyret gav innspel til generalforsamlinga i Fjell vatn, avlaup og renovasjon AS. Formelt er det ordføraren som er generalforsamlinga i selskapet. Rekneskapen for 2011 vart gjort opp med eit overskot på 4,7 millionar kroner.
Tekst: Vigleik Brekke