- Eg vil gratulera Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011. Sjølv har eg ikkje vore med i juryen, men eg må seia at eg vart svært glad då det vart klart at prisen skulle gå til Fjell, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho delte ut prisen på eit arrangement på Det Norske Teatret i Oslo i går kveld.
Eli Årdal Berland og Liv Signe Navarsete
Eli Årdal Berland og Liv Signe Navarsete
Prisen Årets nynorskkommune er på 100 tusen kroner og eit bilete av kunstnaren Alf Christian Hvaring. Det var ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, som tok imot prisen på vegner av kommunen. Vinje kommune i Telemark fekk heidersprisen.
Liv Signe Navarsete viste til at Fjell det siste året har fått mykje merksemd i media etter at heile 81 prosent av skriv til kommunen frå statlege organ i ein gitt periode var skrivne på bokmål. Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle skriv på nynorsk, sa Navarsete under tildelinga.
Strategisk verkemiddel
- Juryen har vurdert kandidatane grundig, og meiner Fjell kommune syner ei medviten haldning til nynorsk språk. Nynorsk er ei fagleg rettesnor og eit strategisk verkemiddel i kommunen. Eg håpar prisen vil styrkja nynorsk både i Fjell og i andre kommunar i Hordaland, seier Navarsete i ei pressemelding.
Statsråden syner til at Fjell kommune legg stor vekt på godt språk hjå dei tilsette og at det vert drive aktivt språkarbeid i barnehage og skule. Juryen har også lagt vekt på at kommunen er i sterk vekst og har stor tilflytting frå Bergen. Det fører til at kommunen er under sterkt språkleg press.
Stolt ordførar
- I dag er eg stolt! Tenk å få stå her i Det norske teatret og ta imot prisen Årets nynorskkommune 2011! På vegner av Fjell kommune vil eg takka for denne gjeve prisen, sa Eli Årdal Berland då ho fekk prisen.
Ho synte til at Fjell er i gang med å revidera den 10 år gamle målbruksplanen.
- Sjølv om vi i dag har fått denne prisen, veit vi at mykje kan gjerast for å utvikla ein endå betre nynorsk språkbruk i heile organisasjonen vår. Vi ser for oss at dei pengane som følgjer med prisen mellom anna skal gå til spennande språkprosjekt retta mot den yngre garde.
- De skal vita at vi set umåteleg stor pris på denne utmerkinga. Og prisen går altså til ein kommune som tidlegare i år refsa dei statlege organa, ikkje minst departementa, for ikkje å ha sendt skriv til Fjell kommune på nynorsk slik mållova krev. Det var flott at dette vart teke på alvor, sa Eli Årdal Berland.
Ho lova at prisen skal få ein heidersplass på rådhuset og alltid minna oss om at vi aldri vert ferdige med å utvikla god nynorsk språkbruk i skrift og tale. Fjell kommune fekk også eit bilete frå vinnaren i fjor, Seljord kommune.
Ordføraren og statsråden i ivrig språksamtale
Ordføraren og statsråden i ivrig språksamtale. Foto: Kommunal- og regionaldepartementet
På tilstellinga i Det Norske Teatret framførte forfattar Agnes Ravatn eit dikt som omhandla nynorskprisen og Fjell kommune. Ravatn fekk nyleg Språkprisen 2011.
Tekst og foto: Vigleik Brekke