Straume helsestasjon er eín av ni helsestasjonar i eit landsomfattande prosjekt som skal kartleggja spedbarn si psykiske helse og mentale utvikling, LIN-studien.
Helsesøster på Straume helsestasjon, Monica Melkevik, er tilsett som forskingsassistent i LIN-studien (Liten i Norge).
Monica Melkevik og Astrid H. Paulsen
Monica Melkevik og Astrid H. Paulsen
Stor rekrutteringsjobb
Monica Melkevik står framfor ei stor utfordring. Fram til september neste år skal ho rekruttera 120 mødrer og eventuelt fedrar i Fjell til å delta i prosjektet. I Fjell vert det fødd om lag 300 barn i året, og dermed må forskingsassistenten minst få kvar tredje foreldrepar med på kartlegginga.
- Det er min jobb å rekruttera komande foreldre til å delta i denne studien. Vi følgjer opp mor og far frå mora er i svangeskapsveke 16 og 26 fram til barnet er 18 månader gamalt. Totalt skal 1050 familiar delta i undersøkinga.
- Det er rundt 300 fødslar i Fjell i året, og målet er å rekruttera 10 foreldrepar kvar månad. Mor og eventuelt far svarar kvar for seg på kvar sin datamaskin, og svara vert sendt direkte inn til databasen. Ingen her på helsestasjonen kjenner til kva den enkelte svarar, seier Melkevik.

LIN-studien går i regi av Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse, RBUP Øst og Sør. Det er dei to profilerte forskarane Vibeke Moe og Lars Smith som står i spissen for prosjektet. Prosjektet er finansiert gjennom FRIMED i Noregs Forskningsråd. I Hordaland er også Ulset helsestasjon med i prosjektet.
Ønskjer å gje hjelp tidleg
Formålet med denne undersøkinga er å få meir kunnskap om kva som påverkar utviklinga til barnet frå graviditet til barnet er eit og eit halvt år. Denne studien vil gje meir kunnskap om den psykiske helsa til sped- og småbarna. På denne måten kan fleire barn og familiar få tilpassa hjelp og støtte på eit tidleg tidspunkt.
- Fjell kommune er oppteken av at brukarane skal få gode tenester, og vi er glade for at leiinga i kommunen støttar opp om slike prosjekt. Sjølv om dette er ei landsomfattande undersøking, vil resultata gje oss god hjelp lokalt til å utvikla kvalitativt gode tenester, seier leiande helsesøster Astrid H. Paulsen.
Foreldra vert med på fleire konsultasjonar i løpet av prosjektet. Det vert mellom anna gjort filmopptak av samspelet mellom barnet og foreldra. I etterkant av filmopptaka skal foreldra fylla ut spørjeskjema. Elles får foreldra spørsmål om utdanning, arbeid, sivil status og andre forhold som kan påverka fysisk og psykisk helse
- Det er ingen grunn til å vera uroleg for å vera med i dette prosjektet. I undersøkinga vert det likevel også stilt utfordrande spørsmål. Dette kan vera spørsmål om foreldra har vonde oppleveringar frå barndomen. Kartlegginga føregår i kjente lokale her på helsestasjonen, og vi skal gjera det vi kan for å skapa ei trygg ramme for foreldra i heile prosjektperioden, seier Monica Melkevik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke