Google
Skriv ut print

Fjell nest best i Hordaland

Fjell kommune kjem på andreplass blant dei 33 kommunane i Hordaland i ein test bransjeorganisasjonen IKT Norge har gjennomført.

IKT-Norge gjennomførte sommaren 2011 ei undersøking om brukaropplevinga av nettsidene til alle kommunane i landet. På landsoversynet hamnar Fjell kommune på ein respektabel 19. plass.

Fjell kjem godt ut i undersøking om nettsidaFjell kjem godt ut i undersøking om nettsida
Fjell kommune kjem godt ut i ei undersøking av brukaropplevinga av nettsida.

Ifølgje IKT Noreg har kommunane i Noreg mykje å læra av andre. Også storbyen København er teken med i undersøkinga, og av 51 moglege poeng får den danske hovudstaden 41 poeng. Den beste kommunen her i landet får 26,5 poeng (Årdal).

Heidi Austlid i IKT Noreg seier til nettsida til IKT Norge at norske kommunar manglar brukarperspektiv. Ifølgje Austlid er kommunane gode på administrative funksjonar som ikkje har publikumskontakt, men at det er berre dei færraste som tenkjer på brukarane.

Her kan du lesa kartlegginga for alle kommunane.


Publisert:
07.09.2011
Sist oppdatert:
24.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom