Google

Fjell på ti på topp-liste

I ei undersøking gjennomført av marknads- og meiningsmålingsinstituttet Sentio hamnar Fjell kommune på sjuande plass på landsbasis med 83 av 100 oppnåelege poeng på spørsmålet om kor nøgd innbyggjarane er med heimkommunen sin. 
 

Langøy Kystkultursenter
Undersøkinga viser at folk trivst godt i Fjell. Biletet er frå Langøy Kystkultursenter.

Os kommune hamna på 10. plass på lista. Ullensaker kommune toppar lista med 88 poeng på spørsmålet om kor nøgd innbyggjarane er med å "bu og leva" i kommunen.

Generelt viser borgarundersøkinga at folk er godt nøgde med kommunen sin når det gjeld buforholda er 77 prosent av dei spurde nøgde eller svært nøgde med kommunen som plass å bu og å leva i. Undersøkinga vart gjennomført i perioden 19. til 25. juni.

Dette resultatet samsvarar godt med ei innbyggjarundersøking Fjell kommune gjennomførte i 2011. Den undersøkinga viste at fjellsokningane gjerne ville tilrå venner om å flytta til Fjell.

Her kan du lesa undersøkinga.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert:
10.07.2012
Sist oppdatert:
10.07.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom