Google
Skriv ut print

Fjell prioriterer juridisk kompetanse

Fjell kommune har fått omtale i den siste utgåva av fagtidsskriftet Rettssikkerhetsgarantisten. I artikkelen vert det fokusert på at Fjell kommune har mange juristar. I dag har Fjell åtte kommunale juristar.

Linda MidtkandalLinda Midtkandal
Linda Midtkandal

Fabladet har snakka med Linda Midtkandal, som er ein av to juristar i Fjell som arbeider med brot på plan- og bygningslova, særleg i strandsona. Det er Norges Juristforbund som gjev ut dette bladet.

- Mange av dei som er klaga for å ha bygt ulovleg, skaffar seg sine eigne advokatar. Då er det tryggast for kommunen å ha juristar som kan sikra at saksbehandlinga vert korrekt og at rettstryggleiken vert teken i vare.

Juristforbundet ønskjer å påverka politikarar og arbeidsgjevarar til å dekkja behovet for juridisk kompetanse i kommunane. Forbundet er difor i gang med eit prosjekt med rettstryggleik i alle kommunane som mål. I ei undersøking går det fram at 62 prosent av rådmennene i landet meiner at rettstryggleiken for innbyggjarane aukar dersom kommunane tilset fleire juristar.

I bladet vert det også vist til oppslag i Nationen der fjellordførar Eli Årdal Berland uttrykkjer det slik: - Ein situasjon som vi ser svært godt nøgde med (…….) Med juristar på huset kan vi kontakta dei med ein gong vi treng ei juridisk avklaring, seier ordføraren til avisa.

Her kan du lesa heile artikkelen i Rettssikkerhetsgarantien.


Publisert:
19.12.2011
Sist oppdatert:
19.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom