Det er mange spreke folk hjå Plan- og utbyggingssjefen i Fjell. Blant alle kommunane som deltok i «Sykle til jobben»-aksjonen i mai og juni, hamna to av laga hjå Plan- og utbyggingssjefen på dei to øvste plassane på resultatlista blant laga frå kommunane.
Fjell svett plan og Fjell rapp & svingel på "fredstur" over vidda. Frå venstre: Marit Selberg Sigurdson, LIse Marie Laskemoen, Lene Takva, og Christian Johan Alstad. Foto: Hans Jacob Roald
"Fjell Svett Plan" og "Fjell Rapp & Svingel på "fredstur" over vidda. Frå venstre: Marit Selberg Sigurdson, LIse Marie Laskemoen, Lene Takvam, og Christian Johan Alstad. Foto: Hans Jacob Roald
Arealplan sitt lag, «Fjell Svett Plan», tok førsteplassen, medan samfunnsplan sitt lag «Fjell Rapp & Svingel» tok andreplassen blant kommunedeltakarane. På landsbasis i konkurranse med både offentlege og private lag, hamna desse to laga frå Fjell på imponerande sjuande og åttande plass av totalt 1731 lag! På begge desse to laga trimma kvart lagmedlem om lag to timar kvar dag. Det tredje laget, «Fjell SpeedyGonzales» (byggjesak, miljø/landbruk og byggprosjekt), tok ein heiderleg 38. plass blant alle kommunane i landet.
- Denne konkurransen handlar ikkje berre om å sykla. Det kan gjerne vera turgåing, trim i helsestudio, styrketrening eller sykling. Deltakarane registrerer sin fysiske aktivitet elektronisk i aksjonsperioden, forklarar Lene Takvam som var heilt i toppen individuelt på landsbasis.

Lene Takvam på Gullfjellet
- Har du forsaka noko heime i denne harde konkurranseperioden?
- Stort sett har det gått bra, men eg må vedgå at det vart litt mindre husarbeid enn vanleg på slutten av aksjonsperioden. For min del vart det mykje turgåing i byfjella. Laga i Plan- og utbygging hadde fleire fellesturar, men det vart naturleg nok ein viss kamp både individuelt og mellom laga. Vi gjer dette for å auka den fysiske aktiviteten, men det er også ein sosial arena som styrkar samhaldet på avdelinga, seier Lene Takvam.
Trimma 3,5 timar kvar dag
Fjell-deltakarane imponerte både i lagkonkurransen og individuelt. Lene Takvam (arealplan) tok ein imponerande andreplass blant alle dei 1687 kommunale deltakarane i landet. Knut Helge Olsen (samfunnsplan) var berre nokre få minutt bak Takvam og kapra tredjeplassen. Konkurransen mellom Lene og Knut Helge var knivskarp, og det måtte nesten målfoto til mellom desse to då konkurransen var over 30. juni. Sluttresultatet synte at Lene hadde dagleg trimma i gjennomsnitt om lag 15 sekund meir enn Knut Helge! Dei to trimma 209 minutt i gjennomsnitt pr. dag. Dette tilsvarar om lag 3,5 timar.
Marit Sigurdson (samfunnsplan) var også i toppsjiktet med ein sjuandeplass på landsbasis blant kommunedeltakarane og trimma i gjennomsnitt rundt 3 timar og 20 minutt kvar dag.
Lene Takvam og Knut Helge Olsen kom også høgt på lista på landsbasis med alle kategoriar (offentlege og private verksemder). Av nesten 13 tusen deltakarar hamna Takvam og Olsen på 29. og 30. plass. I fjor var Olsen beste deltakarar frå Fjell.
Fjell rapp og svingel på Veten i Sund. Frå venstre: Hanna Gjesdal, Cecilie Krohn og Knut Helge Olsen. Foto: Marit Selberg Sigurdson
"Fjell Rapp og Svingel" på Veten i Sund. Frå venstre: Hanna Gjesdal, Cecilie Krohn og Knut Helge Olsen. Foto: Marit Selberg Sigurdson
Stor landsomfattande aksjon
«Sykle til jobben- aksjonen er den største kampanjen med formål å
motivera flest mogleg til å vera fysisk aktive. Konseptet går ut på at kollegaer skal konkurrera mot kvarande og mot andre arbeidsplassar og vera mest fysisk aktive i løpet av den to månader lange aksjonsperioden.
Her kan du lesa meir om «Sykle til jobben» 2011.
Tekst: Vigleik Brekke