I går kveld (15.06.) var det stormønstring på Ekerhovd oppveksttun der heile elevflokken synte seg fram. Med musikal i ein fullsett gymsal og kos med grilling etterpå, fekk elevane, foreldra og dei tilsette ei flott skuleavslutning i godt vér.
Rektor Svein Ove Rørvik
Rektor Svein Ove Rørvik
- Dette vart eit flott arrangement med gode framføringar. Det var god songkvalitét, og publikum fekk oppleva mange gode solistprestasjonar. Det er ikkje utan grunn at det vart ståande applaus til slutt, seier ein stolt rektor Svein Ove Rørvik.
Mykje forarbeid
Rørvik framhevar elevane sin store innsats og forarbeid til musikalen. Han vil også gje ros til læraren Bård Stokke som også er dirigent til skulekoret. Andre sentrale aktørar i forarbeidet og gjennomføringa av musikalen var Sigrid Bergo Kvam (ansvarleg for utforming av billettar), Rita Lie Neset (ansvarleg for kulissar), Edith Eriksen (kostymeansvarleg), Lasse Håkonsund Øistad (ansvarleg for lys og lyd) og Josefa Joseph.
Rektoren har ambisjonar om at skulekoret held fram og gjerne syner seg fram utover Ekerhovd-krinsen. Koret hadde julekonsert i Foldnes kyrkje før jul. Etter jul har skulekoret øvd inn songar frå ei rekkje ulike misikalar som Sound of Music, Fame, Mamma Mia, Chess, Les Miserables, Grease og Annie.
- For to veker sidan gjekk invitasjon og påmelding ut til dei føresette. Vi inviterte til ei reise gjennom ulike tidsepokar og musikkstilar med korsong og solistar, dans og drama. Det er første gong vi gjennomfører eit slikt arrangement. Dette har lagbyggjande effekt for skulen og styrkar elevmiljøet, seier Svein Ove Rørvik.
Her er Sigrid Bergo Kvam si oppsummering av musikalen:
Ekerhovd skulekor opna
Dette er eit skulekor frå 1. til 7. klasse, med om lag 100 elevar. Dei har øvd i annakvar veke i fleire månadar, med ei opptrapping dei siste vekene.
Ekerhovd Skulekor
Ekerhovd skulekor
Konserten starta med ”Do-re-mi”, kor heile skulekoret song. Henrik Lie Torsand (7. kl), Oskar Lie (6. kl) og Nils Martin Ekerhovd (3.kl) sat klar bak miksepulten og styrte lys, lyd og røykmaskin under kyndig ekspertise frå Lasse Håkonsund-Øistad.
Frå Fame
Neste nummer var ”I’m gonna live forever” frå Fame. Her opptredde 7 dansarar frå 3. og 4. klasse: Anna Knutsen, Marita Knutsen Eide, Olena Lie, Thea Tyssøy Olsen, Annette Hansen Ulveseth og Sara Utvær.
Frå Mamma Mia
Dansefeberen vart halden oppe gjennom neste nummer ”Dancing Queen” frå ”Mamma Mia”. Her var det jentene i 2. klasse som fekk boltra seg på scena: Ingrid Abelsen, Celina Helle Ekerhovd, Carmen Ekerhovd, Stina Lie Frantzen, Rakel Garlid Lie, Martine Celina Sivertsen Lie, Nora Matre, Maja Sofie Lie Mjøs, Sandra Wiik Sandal og Amalie Lie Torsand.

Så roa vi det heile litt ned. Solist Olena Lie (4.kl) song ”Mamma er her” frå ”Rock ’n’ Roll Wolf -Mom is here” medan elevane i 1. klasse opptredde som skjønne geitekillingar! Heile koret song med andre gong.
Frå Chess
Vi heldt fram i det rolege spekteret. Ida Steine Lie (4. kl) og Victoria Fatima Mattson-Mann (6. kl) imponerte alle med sin nydelege framføring av ”I know him so well” frå Chess.
No var det tid for gutane til å vise seg fram med nummeret ”Kan du høyre folket syng” frå ”Les Miserables”. Bak frå salen kom fire stramme karar trommande inn i flotte kostymer; Lasse Høgh Ekerhovd, Joshua Israel Joseph, Oliver Lie og Per Harald Hevrøy Lie, alle frå 6. klasse. Framme på scena stod klassekameratane Niklas Altmann Ekerhovd og Haavard Lie klar, og song solo medan resten av gutane i koret song med på refrenga.
Frå Les Miserables
Neste nummer var også henta frå ”Les Miserables”. Denne gongen var det songen ”Little People” med solistar frå 5. klasse: Synnøve Anita Hufthammer, Jeremiah Paul Joseph, Solveig Abelsen og Hedda Veslemøy Lie, utkledd som skitne gateborn.
Frå Les Miserables
Nest siste nummer var frå musikalen ”Grease”, songen ”Summer Night”. Her var det elevar frå 7. klasse som imponerte, med både song og dans: Lasse Bruheim, Christoffer Ekren og Ole Høyland med brylkrem og skinjakkar, og Kristin Amalie Hannisdal, Anna Secilie Lie og Vilde Elise Ellefsen.
Frå Grease
Konserten vart roa ned og avslutta med ”I morgon” frå ”Annie.
Tekst: Sigrid Bergo Kvam og Vigleik Brekke
Foto: Laila Bøen