Google

Flott opning av ny krøllgrasbane på Straume

- Utan Fjell kommune som medspelar for idretten, hadde ikkje denne bana vorte ein realitet.

Det sa leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, då den nye krøllgrasbana i Straume idrettspark vart offisielt opna i går (4. september). Den gamle til dels utbrukelege naturgrasbana, er erstatta med ein topp moderne krøllgrasbane inklusive tribune og flomlys.

Eli Årdal Berland opna krøllgrasbana
Ordførar Eli Årdal Berland opna den nye krøllgrasbana

Det var ordførar Eli Årdal Berland som stod for den offisielle opninga og som scora det første "offisielle" målet på grasbana. Krøllgrasbana har kosta om lag 6,5 millionar kroner. I tillegg til tippemidlar og dugnad av Sotra Sportsklubb, har Fjell kommune løyvd rundt tre millionar kroner til prosjektet.

Opningskamp med stor innsats

Like etter opninga var det harde tak då fotballaget frå Fjell kommune, Atletane, møtte Teknikarane frå Sotra Sportsklubb. Ein skulle gjerne tru at dette ville verta rått parti, men Atletane beit godt frå seg. Teknikarane var heldige og vann til dels ufortent 4-1. Atletane sitt eine mål vart scora av bestemann på banen i går, Ove Fugelsnes (økonomi).

Begge laga med trenarar samla etter kampen
Begge laga med trenarar samla etter kampen

Atletane sitt lag vart leia av manager mr. Svein Ferguson Fjelland og trenar (coach) mr. Trond Birkenbauer Birkelund. Både Fjelland og Birkelund meiner Teknikarane vann ufortent og syner til speaker Kjell Rune Pedersen som meinte at laget som scora siste målet, vann kampen. Det siste målet var 1-4-reduseringa til Atletane like før kampslutt.

Kjell Rune Pedersen delte ut medaljar til laga
Kjell Rune Pedersen delte ut medaljar til laga

Sotra Sportsklubb hadde laga ei flott ramme for opninga og resten av programmet. Tribuna var fullt opp med eit publikum som synte stort engasjement. Den første seriekampen etter den offisielle opninga vart spelt mellom Sotra Sportsklubb og Valestrand/Gjelvik. Sotra SK vann den spanande kampen fortent 4-3.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
05.09.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom