Åtte- ni hundre medarbeidarar i Fjell kommune møtte opp på to julekonsertar i Foldnes kyrkje i dag.
Publikum fekk med seg ein variert julekonsert med høg musikalsk kvalitet. Frode Alnes, koret Skrik og Fjell kulturskulekor gav publikum ei flott oppleving med både tradisjonelle julesongar, populærmusikk, folketonar og korsong. Kulturskulekoret imponerte med song både åleine og saman med Frode Alnes.
Frode Alnes
Frode Alnes
Artisten Frode Alnes sat åtte timar på Gardermoen i går og venta på at flyet til Bergen skulle ta av.
- Til slutt tok vi nattoget for å koma til dykk. Og det var det verdt, sa Frode Alnes.
Personalsjef Lisbeth Grosvold og kultursjef Lennart Fjell leia oss gjennom arrangementet. Dei minna om at dette var den 10. julekonserten for medarbeidararne i Fjell og at dette har vorte ein god tradisjon. Dei mimra også litt om den 40 år gamle Sotrabrua. Dei siterte frå eit stort oppslag om brua i Bergens Arbeiderblad 11. desember 1971.
Fjell kulturskulekor
Fjell kulturskulekor
Special Olympics gjorde sterkt inntrykk
- Skal eg sjå tilbake på eit minne som særleg har spikra seg fast hjå meg personleg i året som ligg bak, må det vera Special Olympics og turen til Aten med Nest-Sotra United. Det var sterkt å sjå den entusiasmen som både laget og supportergruppa viste, sa ordførar Eli Årdal Berland då ho talte til medarbeidarane. Ho viste også til at det har vore eit travelt år med mange besøk frå inn og utland og at mange ønskjer å få kunnskap om korleis Fjell og regionen realiserer samhandlingsreforma.
Prost Erling Kopperud snakka om fred og at dette er ein lengsel som ligg hjå mennesket.
- Jula er fredens tid. Jesus kom med fred. Han kom for å bli vår bror, frelsar og medvandrar, sa Kopperud.
Arbeidsmiljøprisen gjekk til Leirstaden barnehage og Ulveset barnehage. Me kjem tilbake med eigen artikkel om denne prisen.