Google
Skriv ut print

Følgjer opp miljøkartlegging ved Krossleite

Eigedomssjefen har på eige initiativ fått gjennomført prøvar av kvaliteten på vatnet i avrenning frå det tidlegare avfallsanlegget ved Krossleite. Det er Norsk institutt for vannforskning (NIVA) som har gjennomført prøvetakinga. Det er gjort både kjemiske analysar og test av vatnet.

Dei kjemiske analysane syner ganske normale verdiar. Det er heller ikkje påvist kvikksølv eller arsen i vassprøven. I vassprøven er det funne ein del kopar og sink, men NIVA konkluderer med at det er liten grunn til uro for sigevatnet. Ein bør likevel vurdera om desse metalla vert spreidd vidare med avrenninga frå det tidlegare avfallsområdet.

Sjølv om det er liten grunn til uro for sigevatnet, vil Eigedomssjefen i samråd med fagleiar for miljø og landbruk ut frå føre-var-prinsippet vurdera om det skal gjennomførast fleire målingar.

- Vi gjer dette for å forvissa oss om at det ikkje vert ført metallkonsentrasjonar ned mot Fjellspollen. I dette arbeidet vil vi ha tett dialog med NIVA, seier eigedomssjef Atle Justad.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
24.06.2011
Sist oppdatert:
24.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom