Google

Folkemøte på Bjorøyna 14. mai

Kystverket ønskjer å arrangera folkemøte på Bjorøyna så raskt som mogleg for å gje informasjon om udjupinga i Vatlestraumen. Det er lagt opp til anleggsstart om kort tid, men før prosjektet startar opp, skal det haldast folkemøte på Bjorøyna.

Kystverket inviterer difor innbyggjarar, hytteeigarar og andre interesserte til folkemøte
på Bjorøy skule måndag 14. mai klokka 19.00.

Bjorøy skule

På møtet vert det gjeve informasjon om bakgrunnen for tiltaket, kva som skal gjennomførast og varslingsrutinar i anleggsperioden.

Beredskapsleiar i Fjell kommune, Roy-Erik Hansen, skal gje informasjon om beredskapsplan for langvarig stenging av Bjorøytunnelen. Også ordførar Eli Årdal Berland vert med på møtet. 


Publisert:
11.05.2012
Sist oppdatert:
11.05.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom