Klokka åtte i dag (10.08.) opna servicetorget på rådhuset for førehandsrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvalet 12. september. Det var ingen kø korkje på rådhuset eller på Fjell folkeboksamling på Sartor Storsenter. Då klokka var 12 hadde leiar for politisk sekretariat, Grethe Bergsvik, registrert 12 røyster.
Biblioteksjef Trude Bendiksen
Biblioteksjef Trude Bendiksen
- Det har vore fleire som har stilt spørsmål om førehandsrøysting i år enn ved tidlegare val, seier biblioteksjef Trude Bendiksen. I løpet av den første halvtimen etter at biblioteket opna klokka 11, hadde fire personar putta røystekonvolutten i røysteurna.
Opningstider på rådhuset og på biblioteket
Biblioteket er ope måndag, onsdag og fredag mellom klokka 11.00 og 16.00 og mellom klokka 11.00 og 19.00 på tysdagar og torsdagar. På laurdagar kan folk gje si røyst mellom klokka 10.00 og 14.00. På rådhuset er det høve til å røysta måndag til fredag kl. 08.00 til 15.30 (tysdag til kl. 17.20).
- Vi er glade for å gje høve til å røysta på førehand her på biblioteket. Av den grunn kjem det nok ein del som ikkje er fullt ut kjent med kva Fjell folkeboksamling kan tilby. Vi har nytta høvet til å setja opp litt ekstra utstillingar i denne perioden. I tillegg til fjellsokningar som førehandsrøystar, er det også ein del studentar og skuleelevar som er busett i andre kommunar, som nyttar seg av dette tilbodet, seier Trude Bendiksen.
Grethe Bergsvik opplyser at ved sist fylkestings- og kommunestyreval var det om lag 1450 personar som røysta på førehand. Dette utgjorde om lag 10 prosent av veljarmassen. I Fjell var oppslutnaden ved valet i 2007 om lag 61,5 prosent.
Her kan du lesa meir om valet 2011.